Gardar Midtstoga
April har vore ein kort månad, men me har gjort mykje morosamt likevel.
I APRIL HAR ME:
-
Vore mykje ute.
-
Hatt bading.
-
Hatt skuleklubb.
-
Arbeida med ekstra fokus på korleis me snakkar til kvarandre. Seie hei og hade, sjå på den som snakkar.
-
Besøkt kråkeungane i lavvoen.
-
Hatt avslutning på biblioteket for våren. Alle borna fekk fin diplom, Liv fekk blom og takkeplakat frå oss. Neste gong denne supre gjengen samlas til forteljarstund er dei skuleborn.
-
Byrja å lage alfabetet med hjelp av oss sjølv, fotografere og lage store bilete.
-
Hatt songsamlingar med Sarke.
I MAI HAR ME TENKT Å:
-
Arbeide vidare med sinnemeistring, høflegheit og glede. Borna er ivrige og interesserte, dei fylgjer opp og me har fått ein mykje rolegare og høflegare gjeng.
-
Øve oss til 17.mai.
-
Ha skuleklubb.
-
Ha bakedag. Me vil bake gode rundstykke med bjørkelauv i.
-
Ut på turar, finne vårteikn, lytte og sjå.
-
Til Svalestog for å sjå på lamma.
-
Gardar får fleire besøk av Kråkeungane som skal starte oppå loftet til hausten.
-
25. mai skal me på ei framsyning med marionetteteater kl. 13.00.
PRAKTISK:
-
15. mai er det fotografering; dei startar i barnehagen og fortset på Gardar.
-
Lurt å ha klede til både varme og kalde dagar, temperaturen er veldig varierande no.
-
Bladedag som før.
 Engasjerte born på biblioteket |
 Sandkassa er sjeldan tom |
 Skuleklubb |
 Vi teiknar "min draumebarnehage" |
Sist oppdatert 10.05.2012