Hamaren og Lislehamaren
Informasjon mai 2012
Hei! Snoen er vekk, og våren er godt i gang. Sola har starta og varme, og vi gler oss ekstra over utelivet. Lavvogjengen er godt innkøyrd og kosar seg i skogen borte ved POS. Dei nye 1-åringane er godt i gang med barnehagelivet og vi kjenner at ting har falle meir på plass nå, etter innkøyring av nye barn og start av utegruppe. 2009-barna, som vi kallar ”Maurungane”, er ein fin gjeng, som går regelmessig på tur, og ellers har ulike aktivitetar saman. 2010-barna er ofte saman med Maurungane, medan 1-åringane er saman og får ro på seg til å til dømes synge, leike og måle.
I april har vi:
- Hatt fokus på vår og småkryp, spesielt maur
- Kikka etter småkryp, som maur, mark og biller
- Teikna maur, tova maur og laga vår eiga ”maurtue”
- Sett på funn i naturen, som rådyrbæsj og ekorn-konglar
- Vore regelmessig på tur i skogen
- Køyrd hest og kjerre
- Hatt besøk av bikkjevalpar
- Songsamlingar med Sarke
- Varmmat ein gong i veka
I mai vil vi:
- Fokus på kropp, rørsle og helse
- Vere mykje ute
- Fortsatt ha fokus på småkryp og natur
- Gå regelmessig på tur
- Gå i ”mai-tog” i barnehagen
- Så ulike frø
- Hestedag
- Varmmat ein gong i veka
Praktisk:
- Foreldremøte 9. mai kl. 19.00-21.00. Sjå oppslag på avdelingane.
- Tysdag 15. mai kjem fotografen! Fotograferinga startar i barnehagen kl. 09.00, deretter er det Gardar sin tur. Til slutt er det utegruppa, som skal bli fotografert ved lavvoen.
- Sol og varme har kome, fint om barna blir smurt med solkrem før dei kjem om morgonen, så har vi på solkrem igjen utover dagen.
Sist oppdatert 07.05.2012