English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Birtedalen

Korleis kjem eg dit?
Fylg riksveg 355, ca.3 km frå Fyresdal sentrum retning nord. Tak av riksvegen mot Gjøvdal/ Birtedalen og tak til høgre i vegkryss mot øvre Birtedalen. Ca 30 km frå Fyresdal sentrum.
Løypene startar ved Søgardsplassen (informasjonstavla) i Birtedalen. Parkeringsavgift kr 50,- pr bil.

Skildring lang løype
Osen – Birtesanden – Fjalebu – Granbudalen – Rjupetoheia – Lennårskaret – Birtevatn (ca. 16 km).
Fyrst lett utforkøyring med små stigningar deretter lette utforkøyringar til du er ved Fjalebu. Ein del stigning opp til Granbudalen. Nokre hundre meter med lett utforkøyring og flatt parti. Noko varierande stigning til ein er på toppen av Rjupetoheia. Litt bratt utforkøyring ned til toppen av Lenårsskaret. Eit parti i Lennårs skaret er veldig bratt og har mykje skog. Etter det bratte partiet, flatt, med litt utfor ned til Birtevatn. Her kan ein ta turen om Kvipt eller fylgje isen tilbake til utgangspunktet.
For dei som ikkje er glade i bratte utforkøyringar, er alternativet å gå opp Lennårskaret og gå motsatt veg, eventuelt å ha med skifellar til turen opp Lennårskaret. Ved Granbustøylen går løypa få hundre meter frå hytta til turistforeininga.

Skildring stutt løype
Søgard – Soliåsen – Nuten – Søgard (ca. 8,5 km)
Fyrst lett utforkøyring med små stigningar. Gå over isen mot Kvipt, litt småkupert til Midttjønna og over Bjåneset, over isen inn til Kilen tilbake til utganspunktet.


Rjupetoheia


Snomåling ved Granbustøyl


Granbudalen


Løypelegging opp Granbudalen


Med mykje sno må det spaing til for å kome rundt løypa

 
Lennårskaret

 
Fin løype i fint terreng

Foto: Olav Kvipt