English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Motorferdsel i utmark

Fyresdal kommune har eit aktivt snøskutermiljø med mange hytter langt inn i heiene. Vi behandler årleg mange søknader om løyve til å kjøyre snøskuter.

Motorferdsel i utmark - kjenner du reglane?

LOV 1977-06-10 nr 82: Lov om motorferdsel i utmark og vassdrag.
Føremålet med lova er ut frå eit samfunnsøkonomisk heilskapsomsyn å regulere motorferdselen i utmark og vassdrag med sikte på å verne om naturmiljøet og fremme trivselen

FOR 1988-05-15 nr 356: Forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag.
I utmark og på islagte vassdrag kan motorkøyretøy kun nyttast i samsvar med denne forskrift. Forskrifta gjer kommunen moglegheit til å gje dispensasjon frå lovverket der køyring ikkje er direkte heimla i lova. Det vil mellom ana seie køyring til eiga hytte, køyring for funksjonhemma, transport av ved, ervervskøyring m.m.

FOR-2009-06-26-863 Endr. i forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark.
Miljøverndepartementet vedtok endring i nasjonal forskrift om motorferdsel med verknad frå 01.07.09. Endringa opnar for næringskøyring, gruppeturar og akuttiltak for å motverke påkøyrsle langs vegnettet vårt. Forskrifta kjem i tillegg til opprinneleg forskrift(over).  

FOR-1993-08-12-961 Forskrift om bruk av snøskuter, Fyresdal.
Fyresdal Kommune har fastsett eige forskrift som omhandlar lokale føringar for søknad om dispensasjon frå lovverket.

Praksis for sakshandsaming i Fyresdal Kommune

Utval for landbruk og teknikk fastsette i møte 02.02.09 fylgjande praksis for handsaming av dispensasjonsaker:

  • Avstand frå næraste bilveg/parkeringsplass til hytta må vere minimum 2,5 kilometer.
    Løypa skal fylgje kortaste farbare trase, men her må naturleg nok vere framkomeleg gjennom vinteren. Jamfør lokal forskrift er det kun mogleg å velje ein trase til hytta, med unnatak der istilhøve på regulerte vatn er usikre i delar av sesongen.
  •  Løyve kan gis til eigar av hytta og eigars ektefelle/sambuar.
    I tillegg kan løyve gis til nær slekt av hytteeigar, nærare definert som eit ledd opp (foreldre), eit ledd ned (etterkomarar) og eit ledd til sida (sysken), likelydande for ektefelle/sambuar.
  • Ved søknad om løyve til ananmanns hytte, skal skrifteleg leigeavtale vedleggast søknad.
    Ved leigetilhøve over fleire år (åremål), kan også eigar av hytta ha løyve for å drifte hytta, men øvrige familiemedlemmar skal ved slik bortleige ikkje ha løyve til hytta. For korttidsleige (vinter-/påskeferie ol) skal det ikkje innvilgast eige løyve, men i staden synast til hytteeigars løyve, eller til ervervsløyver i området.
  • Ved søknad om handikap-løyve må det synast til varig handikap, og kopi av legeerklæring vedleggast søknad. Jamfør forskrifta skal handikappa gis rimeleg tilgang til heia, men køyring skal likevel fylgje trase innteikna på kart som vedlegg til søknad.

 

Skuter



Sist oppdatert 10.01.2012