Skiløyper i Fyresdal
Til alle tider har nordmenn gått på ski, også i Fyresdal. I ”gamle dagar” laga vi eigne låmer, og jorda på gardane var som regel
som eit korstingsbroderi av skiløyper.
Tidene endrar seg og preparerte løyper er meir eller mindre blitt eit krav i tida.
Her kan vi presentere 5 skiløyper godt spreidd frå sør til nord.
Løypene har ulik vansklegheitsgrad og tek oss med frå dalbotnen og opp til snaufjellet.
Løypene blir køyrde kvar helg i vinterhalvåret med atterhald om vêr og snøtilhøve.
Kom deg opp av ”godstolen”, spenn på deg skia og nyt den vakre og flotte naturen vi har i Fyresdal.
God tur!
Her finn du meir om dei forskjellige skiløpene:
-
Birtedalen
-
Våmur (Når det gjeld dei oppkøyrde skiløypene på Våmur, så har løypekøyrar John Erling Helle meldt om at løypa enkelte stader er lagt litt om. Der løypa er skal det vere trygt å ferdast.)
-
Skvettedammen
-
Veum
-
Skålid-Øyuvsvatn
- Oppkøyrte skiløyper i Hamaren. I den gamle ljosløypa i sentrum (ca. 2,5 km).
-
Snøforhold - yr.no
Foto: Sigurd Skomedal
Sist oppdatert 04.01.2012