Verneområder
Verneområder i Fyresdal kommune:
- Vikfjell Naturreservat, opprettet 28.04.1978, omfattar eit areal på 470 daa
Formålet med fredinga er å bevare ein forekomst av almlindeskog som ligg uvanlig høgt over havet og har innslag både av fjellplanter og varmekjære låglandsplanter.
Reservatet som er vegetasjonskartlagt, ligg ca.360-500 moh i lia søraust under Vikfjell, vest for nordenden av Fyresvatn. Bestandet grenser til ein bratt fjellvegg i nordvest, og er elles omgitt av blåbærgranskog. Berggrunnen består av granitt med amfibolittganger. Terrenget i reservatet er bratt og uframkomeleg pga stor stein og blokk, og det er difor lite sannsynlig at det vil bli noko særlig ferdsel i området. Bestandet har ingen spor av menneskelige inngrep, og minner om ein tidlig fase av utskog med forholdsvis lite nedfalne trestammer.
Bestanden utgjør ein av dei aller mest verdifulle edellauvskogsforekomstar på grensa mot fjellforhold. Denne er danna som fylgje av svært gunstige lokalklimatiske og jordbunnsmessige forhold. Vegetasjonstypen er en urørt fjellutforming av alm-lindeskog. Den har lind, hassel, ask og alm i tresjiktet. Undervegetasjonen har innslag av både fjellplanter og varmekjære låglandsplanter, bl.a. myske, kantkonvall, taggbregne, blåveis og fjelldronning.
I 1999 ble det gitt tillating til innsamling av lav for vitskapeleg formål, dette i regi av Skogeierforbundet, Botanisk hage og museum ved Universitetet i Oslo.
Forskrift om vern for Vikfjell naturreservat, Fyresdal kommune, Telemark
- Ørnekråheia Naturminne, oppretta 05.03.1918, omfattar ei gamal furu (også kalla Listøylfurua) med ein diameter på 110 cm og trehøgde på 16,5 m. Verna med omsyn på botanisk verdi. Ørnekråheia Naturminne (Listøylfurua) er no innlemma i "Fugldalen Naturreservat", og den delen av kgl. res av 5. mars 1918 som gjeld freding av Listaulfurua er med det oppheva. I staden er Listøylfurua verna gjennom "Forskrift om vern av Fugldalen Naturreservat, Fyresdal Kommune", sjå kulepunkt nedanfor.
- Drangstveiteika: Drangstveit Naturminne, oppretta 02.10.1973, omfattar ei gamal eik med ein diameter på 85 cm og trehøgde på 21,0 m. Verna med omsyn på botanisk verdi
Forskrift om fredning av eiketre, Fyresdal kommune, Telemark.
- Storsteinfjell Naturreservat, oppretta 16.12.2005, omfattar eit totaleareal på 9290 daa. Verna med omsyn på områdets nærhet til urørt naturområde med naturskog av furu.
Forskrift om vern for Storsteinfjell naturreservat, Fyresdal kommune
- Fugldalen Naturreservat, oppretta 16.12.2011, omfattar eit totalareal på 18.330 daa og ligg på vestsida av Øysævatn. Området har ei særskild pedagogisk og naturvitskapleg verdi som eit representativt høgareliggande nordborealt skog- og heiomåde, og er eigenarta i form av stort innslag av gamle grove furutre, grove læger og tørt virke. Området inneheld også Listøylfurua (Ørnekråheia Naturminne) som er omtala ovanfor.
Forskrift om vern av Fugldalen naturreservat, Fyresdal kommune
Kart Fugldalen (pdf)

Foto: Aslak Momrak-Haugan
Sist oppdatert 27.03.2012