Skiløyper Skvettedamsvegen
Det er flotte løyper frå vegskilet Skvettedammen. For informasjon om når løypa er oppkøyrd kontakt Toralf Momrak: 35 04 13 16/mobil: 482 60 198.
Korleis kjem eg dit?
Fylg riksveg 355 ca 9 km frå Fyresdal sentrum, retning sør.
Parkering: Langs riksveg 355, ca 150 m før vegskilet til Fjone. Her er brøyta parkeringsplass for 3-4 bilar. Av og til er det også brøyta veg oppå bakkane. Då er det bare å lange ut innover slettene.
Skildring
Fylg Skvettedammsvegen til enden av vegen ca 4,8 km ein veg. Same veg tilbake.
Lett stigning oppover. På toppen flott, lett løype i småkupert skogsterreng. Det er også køyrt opp ei flott løype rundt Kanetjønn, vegen delar seg ved ei lita raud hytte. Då blir det ei endå flottare oppleving å gå her.
Skvettedamsvegen kan vere ein flott kveldstur med hovudlykt og eventyrlyst.
Sjå løypekart her