Utmark, jakt og fiske
Fiske
Med over 500 fiskevatn er Fyresdal eit eldorado for fiskeinteresserte, og vi kan nærast garantere gode naturopplevingar både for den erfarne sportsfiskaren, og for den som er ute for fyrste gong – og gleda ved å få fisk er like stor uansett.
For å gje nettopp deg den ultimate opplevinga har vi laga ein fiskeguide for kommunen. For å kunne drive ei aktiv fiskeforvaltning vert det selt fiskekort til inntekt til Fyresdal Fiskefond. Fyresdal er delt inn i 5 soner, der ein kan kaupe kort for kvar sone, eller for heile kommunen under eit.
Fiskeguide og fiskekort:
Jakt
Jakt har lange tradisjonar i Fyresdal, og hausten er for mange den verkelege ”høgtida” i året. Heile 213 personar over 16 år betala jegeravgift i 2011.
All grunn i kommunen er i dag i privat eige, med andre ord har vi ikkje statsgrunn, allmenningar eller liknande eigedomsform i Fyresdal. Dette gjer at all forvaltning og jakt er grunneigarstyrt, og eventuell utleige av jakt vert gjort av grunneigar åleine.
I Fyresdal kan ein jakte på alle tradisjonelle viltartar som elg, rein, hjort, rådyr, hare, bever, skogsfugl og rype. Jakttidene for dei ulike artane finn du i Informasjon om jakt og jakttider.
I menyen under vil du finne informasjon kring dei vanlegaste jaktbare artane i kommunen, samt litt om status, utvikling m.m. Elles ligg det og mykje nyttig informasjon i linkane under.
Jegerkorpset i Fyresdal
Aktuelle linkar:
Foto: Hybris Film
Sist oppdatert 07.02.2012