Beverforvaltning
Fyresdal har mange aktive beverkolloniar spreidd over heile kommunen, desse finn ein like gjerne høgt til fjells som nede i sjølve Fyresvatn. Vi har ikkje organisert beverforvaltning i Fyresdal, i staden søkjer kvar enkelt grunneigar om løyve til felling med bakgrunn i sin eigedom. Kravet for å få løyve er at eigedomen skal ha vannstreng på minimum 500 meter, og kvota setjast ut i frå kjennskap til kolloniane i området.
Det vert kvart år hausta om lag 15 beverar i kommunen, dei fleste av desse vert skutt, medan nokre få vert fanga i felle. Det er viktig å merke seg at det stillast krav til anslagsenergi for rifle som skal brukast under beverjakt (980 joule / 100 kgm på 100 m). For jakt etter bever med hagle er det ikkje tillete å bruke større hagl enn norsk nr. 2 (3,5 mm) og minimum 100 hagl i patronen.
Ved bruk av felle til fangst av bever er det kun lov å bruk felle av type Conniebear 330 eller Northwood nr 300. Fellene skal alltid stå under vatn, ana er forbode av omsyn til andre dyr som måtte ferdast langs vassdraget. Fellene skal i tillegg merkast tydeleg med brukarens namn og adresse.
Jakttida for bever er 01.10. – 30.04. Kommunen har i tillegg høve til å utvide jakta 15 dagar i etterkant der sno- og istilhøve gjer jakt vanskeleg innanfor ordinær jakttid. Det er også høve til å søkje om felling av skadedyr utanom jaktsesong, om beveren til dømes demmer opp grøfter/kanalar, tettar stikkrenner eller har lagt sin elsk på allèen din. Tak kontakt med kommunen om du treng hjelp for å løyse slike problem.
For fellingsløyve på bever – tak kontakt med Aslak Momrak-Haugan.
