Elgforvaltning
Elgforvaltninga i Fyresdal er organisera i 9 storvald jamt fordela over kommunen.
Kvart storvald består av fleire jaktlag, som igjen er organisera av ein eller fleire grunneigarar.
Storvalda utarbeider ein driftsplan for forvaltninga i sitt storvald med kvotestorleik, avskjotingsplan og forslag til tiltak for å nå målsettinga i planen. Som eit verktøy i forvaltninga samlast det kvart år inn tenner frå samtlege skutte elgar i kommunen. Dette gir oss unik informasjon om stammestorleik, kondisjon m.m.
Saman med ei annalyse av ”Sett-elg” skjema, vert data frå tann-analysa framstilt i ein årleg rapport; Elgen i Fyresdal

Fotograf: Geir Ufs
Les raporten ved å klikke på linken: Elgen i Fyresdal. Rapporten er utgitt av Faun Naturforvaltning AS og omhandlar status i stamma i dag, utviklingstrender, og gir anbefalingar for vidare forvaltning.
All informasjon frå elgjakta leggast inn i Hjorteviltregisteret, som er eit nasjonalt register for viltforvaltninga i Noreg. Her kan du enkelt gå inn å sjå på data frå elgjakta, og samanlikne utviklingstrekk frå år til år.
Alle jaktlag skal ha tilgang til godkjent ettersøkshund, og kunne dokumentere dette i eiga ettersøksavtale.
Oversikt over godkjente hundar i kommunen finn du på Norsk Kennel Klub sine nettsider.
Gjennom forskrift om utvida storviltjakttid, Telemark (lovdata) er gjeldande jakttid for elg i Fyresdal frå 25. september til 30 november.
Utvida jakttid gjeld jakttidsperioden 2007 – 2012.
Aktuelle skjema:
Aktuelle nettsider: