Villreinforvaltning
I Fyresdal har vi to villreinområder, Våmur-Roan og Setesdal Austhei. Forvaltninga er organisera gjennom ei felles Villreinnemnd, Villreinnemnda for Setesdalsheiene, som består av politisk valgte personar frå dei kommunane som har areal innanfor området. Villreinnemnda gjer kvotevedtak, godkjenner forvaltningsplanar, er høyringsinnstans for arealinngrep m.m.
Sekretæriatet for villreinnemndda er i dag tillagt
Karl Gunnar Hoven, Dallonavn. 8, 4621 Kristiansand.
Kvart av villreinområda har i tillegg eit eige organ – villreinlag, som driv den praktiske forvaltninga av området.

Fotograf: Aslak Momrak-Haugan
Etter freding av villreinen på Våmur – Roan i 2006 og 2007 vart det beslutta å tildele ei kvote på 30 dyr i 2008. Jakta ga eit uttak på 20 dyr, som gir ei felling på 67%. Også i 2009 vart det tildela ei kvote på 30 dyr, og felt 20 dyr. Stamma er i gradvis vekst, og i bakgrunn av teljingar og god kjennskap til stamma, har ein sett som mål å ha ei vinterstamme på 200 dyr.
Har du spørsmål om villreinjakta i Våmur-Roan? Tak kontakt med skogbrukssjefen, eller formann i VRVL Geir Ufs.
Skogrukssjef Aslak Momrak-Haugan.
Formann i VRVL, Geir Ufs tlf. 35 04 52 27
Setesdal Austhei vart definera som villreinområde i 1980 - og åpna for villreinjakt i 1981. Inntil 1979 var det tamreindrift i området.
Villreinområdet delast i to av vegen mellom Valle og Tokke over Store Bjørnevatn. Austheia har meir innlandsklima enn Setesdal-Ryfylkeheiene. Nordområdet har mange fjellvidder og dekkjer 770 kvadratkilometer, mens sørområdet er meir skogsprega og dekkjer cirka 1600 kvadratkilometer. Det er minimal utveksling av dyr mellom sør- og nordområdet som fylgje av veg- og hyttebygging. Sørområdet vert stort sett forvalta som eige område, mens nordområdet i praksis har felles vinterbeite med Setesdal-Ryfylkeheiene.
Villreinområdet berører sju kommunar i to fylker: Bykle, Valle, Åmli og Bygland i Aust-Agder- og Tokke , Fyresdal og Vinje i Telemark.
Jakttida for villrein er 20.08 – 30.09.
Nyttige linkar:
Villreinen – Villreinrådet i Noreg – mykje god kunnskap samla på ein plass.