English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Våmur

Korleis kjem eg dit?
Fylg riksveg 355 ca 20 km frå Fyresdal sentrum, retning sør.
Parkering: Langs riksveg 355 v/ Vikåne /Våmur hyttefelt, der vegen er noko breiare.

Skildring stutt runde
Lengde: ca 7 km
Start frå parkeringsplassen og fylg skuterløypa oppover i retning Svåone ca. 400 meter og tak til venstre og fylg traseen nordover opp til Fisketjørn. Fylg vatnet på sørsida og gå vidare langs vassdraget opp til Sandvatn. Gå til sørenden av Sandvatn, tak til høgre ved myra, og gå mot vest ned att til Sauholtdalen / Kvilen og vidare ned til Stuvestøyl.
Lett løype med svak stigning frå hyttefeltet og opp i høgda, noko brattare nedfart.
Køyrd med snøskuter.

Skildring lang runde
Lengde: ca 17 km
Start frå parkeringsplassen og fylg skuterløypa oppover i retning Svåone ca. 400 meter. Tak til høgre og fylg lia oppover til Sauholtdalen/ Kvilen og vidare opp til Sandvatn som ein passerar på sydaustsida. Hald retninga austover og tak til venstre i løypeskilje ved Homslitjørn, vidare ned mot Urdvatn. Deretter i nordaustleg retning rundt Krokebekk, passere vassdraget aust for Hågstøylvatnet og vidare opp vassdraget til Osvatn. Gå deretter langs Osvatn, opp til Hellestjørn og Grunnevatn. Etter Grunnevatn fylg løypa i sørleg retning og gå langs Tarmen. Her sluttar skuterløypa. Skiløypa vidare går over eit lite høgdedrag og fortset ned myrdraget mot Fritjørnbekken, ned til skogsbilvegen, og vidare ned til hyttefeltet.
Lett løype med noko stigning frå hyttefeltet og opp mot Sandvatn.
Flott utforløype nedover frå Tarmen.
Køyrd med snøskuter frå Stuvestøyl til og med Tarmen.

Skildring alternative runder
Homslinuten-Maurdalsrista ca 12km
Start frå parkeringsplassen og fylg skuterløypa oppover i retning Svåone ca. 400 meter. Tak til høgre og fylg lia oppover til Sauholtdalen/ Kvilen og vidare opp til Sandvatn som ein passerar på søraustsida. Løypa går austover på sørsida av Sandvatn fram til løypeskilje ved Homslitjørn. Tak til høgre ved Homslitjørn, til Gråndalstjørnane over den flotte Homslinuten( står ikkje på kartet) Frå Gråndalstjørnane går løypa i slak stigning sørover (ca 1 km) før den svingar nordaustover, på nordsida av Maurdalsristi. Flott å gå langs Maurdalsrista som endar i ei flott utforkøyring ned mot Tarjeistjørnane. Tak til venstre mot nordvest slik at ein kjem inn på hovudløypa før Urdvatn.

Urdvatn-Sandvatn ca 10km
Gå vidare ”frå lang runde” på Urdvatn i nordvestleg retning opp til T-tjørn. Herifrå vidare vestover slik at ein møter ”stutt runde” i nordenden av Sandvatn. Turen attende er lettast ved å renne ned att løypa til Fisketjørn.

Sjå løypekart her.

Sjå bilete her.