Byggesaker
Har du planar om å bygge eller gjere endringar på tomta? Anten du skal bygge nytt, sette opp eit tilbygg eller gjøre endringar på tomta skal saka i regel behandlas av kommunen. Her finn du informasjon og svar på nokon spørsmål.
Byggesakshandsamar:
Marit Nygård Dale
Oppmålingsingeniør: Hallgeir Lund
Ved kontak er det fint om du har namn, adresse, gardsnr./bruksnr. og eventuelt festenummer på eigedomen.
Slik går du fram for å bygge på tomta:
1. Meldingssaker
ikkje krav om ansvarshavende eller kontrollplanar.
- Oppføring av eit frittståande bygg inntil 70 m2, ikkje til bebuelse.
- Tilbygg på inntil 50 m2 som ikkje inneheld våtrom.
- Driftsbygningar i landbruket.
- Mellombels eller transportable bygningar
2. Byggesaker
situasjonskart og nabovarsel må fylje søknaden.
- Nybygg, konstruksjonar og anlegg.
- Fasadeendring.
- Bruksendring/riving.
- Terrenginngrep.
- Enkle, mindre byggetiltak som kjem over grensa for meldingssak.
- Skilt, tekniske installasjoner, m.v.
- Deling/samanslåinga av eigedomar
3. Fritatt for melding / søknad
på visse vilkår.
- Mindre frittliggande bygg inntil 15 m2.
- Leveggar og små forstøtningsmurar.
- Mindre fasadeendringar.
- Mindre antenner
Skjema for bygging
Er du usikker på kva du må søkje om og kva du må melde?
Sjå forskrift om sakshandsaming og kontroll i byggesaker
Kor lang tid tar det å få handsama ein søknad? 3 veker frå byggesøknaden er journalført dersom søknaden er korrekt utfylt, og tiltaket ikkje er i strid med lovar og reglar.
Elektronisk byggesøknad: No kan du levere byggesøknaden elektronisk via Byggsøk
For meir informasjon kontakt Marit Nygård Dale
Nyttige lenkjer:
Sist oppdatert 24.08.2010