Serviceerklæring for barnevernet
Serviceerklæring for barneverntenesta
Informasjon om barneverntenesta sine oppgåver og målgruppe.
Målgruppe.
Barnevernsamarbeidet i Vest Telemark yter tenestar til barn og unge i alderen 0 – 18år og familiane deira. Når ungdom samtykker kan tiltak som er sett i verk før fylte 18, oppretthaldast eller erstattast inntil ungdomen fyller 23 år.
Barneverntenesta sitt føremål er:
- Å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid og trygge oppvekstvilkår.
Kriter/vilkår
Ynskjer du råd og veiledning eller andre former for hjelpetiltak, kan du kontakte oss for å få ei avtale.
Dersom barneverntenesta får ei bekymringsmelding om barnet ditt eller deg som ungdom, vil denne meldinga bli gått gjennom innan
ei veke.
Dersom meldinga fører til vidare undersøking, vil denne skje i eit samarbeid med deg som forelder/føresett og barnet/barna dykkar. Undersøkinga kan vare frå 1 – 3 månader, i særskilde høve kan den utvidast til 6 månader. Undersøkinga vil omfatte møter/samtaler/heimebesøk med dei som er omfatta av undersøkinga og innhenting av informasjon. Føremålet med undersøkinga er å finne ut om det er behov for hjelp eller støtte frå barneverntenesta.
Tiltak som blir sett i gang skjer så langt som mogleg i samarbeid med familien. Tiltak frå barneverntenesta vil vera avhengig av kva behov barnet ditt har. Nokre gonger er det behov for at barnet flyttar ut av heimen. Dette kan skje ved at foreldra er enige i plasseringa eller ved tvang. Barneverntenesta vil fylgje opp både barn og familie etter ei plassering.
Tiltak kan vera:
- råd og veiledning
- støttekontakt
- miljøarbeidar/heimekonsulent
- besøksheim
- plass i barnehage/SFO
- ansvarsgrupper
- økonomisk stønad
- foreldreveiledningsprogram som PMTO, Marte Meo m.m.
- fosterheim eller institusjonsplass
- opphald på institusjon for foreldre og barn
Gjeldande regelverk
Lov om barneverntjenester
Sakshandsaming
- 1.kontakt skjer ved at barneverntenesta får ei bekymringsmelding eller søknad om hjelp eller støttetiltak.
- Undersøking
- Vedtak og tiltaksplan
- Iverksetting av tiltak
- Evaluering
Klage
Alle vedtak fatta av barneverntenesta kan påklagast.
- Frivillige hjelpetiltak kan påklagast til fylkesmannen innan 3 veker.
- Akuttvedtak/vedtak om flytting av barn kan påklagast til Fylkesnemnda innan 3 veker.
- Tvangsvedtak fatta av Fylkesnemnda kan bringast inn for Tingretten til rettsleg overprøving innan 2 månader.
Dersom du ynskjer å klage kan du få hjelp/veiledning av sakshandsamar til korleis du skal gå fram i høve til dette.
Vi lovar.
- at du blir høyrt, tatt på alvor og møtt med respekt
- at teieplikta vert halden
- at du får den informasjonen du har krav på i saka di
- at alle meldingar blir handsama innan ei veke
- at du vil kunne få råd og veiledning ved behov i høve til problemstillingar som gjeld barnet ditt, ungdomen din og familiesituasjonen
- at me vil freiste å finne best mogleg løysing for deg og familien din
- at me vil hjelpe deg å få kontakt med andre instansar dersom me ikkje kan hjelpe deg
- at alle søknader om hjelpetiltak vil bli handsama innan 3 månader
- at det blir oppnemnt ein eigen sakshandsamar i undersøkingssaker og tiltak
- at me vil freiste å finne så gode tiltak som råd for barnet/ungdommen utanfor familien når det er til barnets/ungdommens beste
For at vi skal kunne oppfylle dette
- må du gje oss alle opplysningar som har betyding for saka
- må du samarbeide for å få til best mogleg løysing for barnet ditt
- må du seia ifrå dersom det er noko du ikkje forstår, eller er ueinig med barneverntenesta i
- må du vise respekt for dei tilsette i barnevernet
- må du gje beskjed viss du er forhindra frå å møte til avtalt tid
Tenesta omfattar ikkje
Råd og veiledning eller tiltak der ungdomen har fylt 18 år ved førstegongskontakt.
Praktiske opplysningar
Barneverntenesta samarbeider med andre som kjenner barnet ditt, for eksempel skule, barnehage, helsestasjon.
Barn og unge skal alltid høyrast i ei barnevernsak.
Barneverntenesta har teieplikt.
Alle som er bekymra for eit barn eller ein ungdom kan ta kontakt med barneverntenesta. Det kan skje pr. telefon, skriftleg eller ved personleg oppmøte.
Kontakt oss
Telefon til ekspedisjon 35 05 54 00
Besøksadresse: Sparebankebygget i Kviteseid eller på kontor i kvar enkelt kommune
etter nærare avtale.
Postadresse: Postboks 34, 3836 Kviteseid
Opningstid
Måndag til fredag mellom 08.00 – 15.00
Ved akutt behov utanom arbeidstid og i helger kan de kontakte barnevernvakta i Grenland tlf 90 05 33 04
Ansvarleg for barneverntenesta
Barnevernsamarabeidet i Vest Telemark
Barnevernleiar: Gunn Annie Hellestad
Nestleiar og gruppeleiar for Seljord, Kviteseid og Nissedal: Reidun Hovden
Gruppeleiar Tokke, Fyresdal og Vinje: Irene Kosi
Sist oppdatert 22.09.2009