Jordmortenesta i Fyresdal kommune - informasjon

Jordmor Ågot Takle, er tilsett i 75 % stilling og er på kontoret 2 - 3 dager i veka. Du kan alltid kontakte henne på tlf. 908 85 188. Det er best å ringe legekontoret på tlf. 35 06 73 00 for å bestille time.
Jordmor har beredskapsvakt; ho har vakt på kvar gravid. Vakta går fra 5 dager/døgn før ultralydtermin og fram til transporten til fødeavdelinga er utført, eller at den fødande er lagt inn på sjukehus.
Jordmor vil gje deg god svangerskapsomsorg slik at du skal oppleve denne tida som positiv, samt og sikre deg og barnet best mogleg velvære. Jordmor ynskjer å skape ei fin forventing fram mot fødselen og til den nye foreldrerolla. Det blir sett av god tid til samtale, informasjon og undervising. Alle gravide har ulike behov og vi prøvar å tilretteleggje omsorga slik du ynskjer. Den som skal bli pappa er alltid velkomen til å vere med.
Sjølve svangerskapskontrollane inneheld òg andre undersøkingar som:
- blodtrykk
- urin
- vekt
- lytte til barnets fosterlyd
- diverse blodprøver
- måle korleis barnet veks i magen
- jordmor henviser til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk dersom det er behov for dette
Du får god informasjon om dei aktuelle fødestadene i Skien og Arendal. Det er høve til å få time for omvisning, rundt svangerskapsveke 36 begge stader. Du har òg fritt sjukehusval ved fødsel, du kan føde der du vil, men fyljeteneste til fødeavdelinga er kun til Skien og Arendal. Når fødselen er i gang kontaktar du jordmor som då ordnar med alt vidare.
Du er alltid velkomen til å kontakte kommunejordmor i Fyresdal, Ågot Takle, òg utanom kontortid, tlf. 908 85 188, når som helst! Tilbodet er gratis.
Sist oppdatert 04.01.2012