Aktivitetsavdelinga held til på Fyresdal pleie-og omsorgssenter. Avdelinga blei oppretta med tanke på å gje rett teneste, i rett tid, i rett mengde. Vi ynskjer å styrke fagmiljø og samarbeid, heilskapelege tenestar, og kvalitetsikra tenestar. Aktivitetsavdelinga har også eit godt samarbeid med andre avdelingar i kommunen.
Med denne avdelinga ynskjer vi:
- Ha friskfokus/hjelp til sjølvhjelp.
- Oppretthalde/skape nettverk.
- Bidra til mindre isolasjon.
- Betre livskvaliteten.
- Meir rett bruk av fagkompetanse.
For våre brukarar:
- Aktivitetsavdelinga har eit dagtilbod 5 dagar i veka.
- Vi har eit godt samarbeid med lag og organisasjonar, kultur og oppvekst, støttekontaktar ogfriviljuge.
- Brosjyre med oversikt over aktivietane våre.
- Transporttilbod til dei som ikkje kan kome seg til aktivitetsavdelinga på eigehand.
Sist oppdatert 04.01.2012