Heimebaserte tenester i Fyresdal kommune yter hjelp til dei som har behov for det, grunna akutt eller langvarig funksjonssvikt.
Heimebaserte tenester består av:
- Heimehjelp.
- Heimesjukepleie.
- Tenester til funksjonshemma.
- Ambulerande vaktmeister.
Innbyggjarane som har behov for tenester skal vere trygge på at dei får hjelp etter behov, men kommunen må prioritere tenester som er lovpålagt. Det betyr at det er ein del oppgåver som ikkje blir gjort av kommunen, men der innbyggjarane må skaffe seg hjelpa på annan måte.
Denne informasjonen er meint å vere eit hjelpemiddel for kommunen sine innbyggjarar, slik at alle veit korleis ein skal forhalde seg når ein søker.
Kva ein kan forvente å få hjelp til, og kva ein ikkje kan forvente å få hjelp til.
Heimehjelp blir gjeven etter Lov om sosiale tenester § 4-3, der det står: "dei som ikkje kan dra omsorg for seg sjølve, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp, har krav på hjelp" etter Lov om sosiale tenester § 4-2 a - d'.
Heimesjukepleie blir gjeven etter Lov om helsetenesta i kommunen, § 2-1, der det står: "einkvar har rett til nødvendig helsehjelp i den kommunen han/ho bur i eller midlertidig oppheld seg".
Sist oppdatert 04.01.2012