Kulturskulen
Fyresdal kulturskule stimulerer til læring og godt fagleg nivå gjennom varierte arbeidsmåtar, og god fagleg kompetanse i personalet.
Kulturskulen skal vere ein god aktivitet for elevane, der kreativitet og skaparevne står i fokus.
• Kulturskulen er eit musikk- og kulturfagleg tilbod, og fungerar som eit lokalt ressurssenter innan faga. Vi samarbeider tett og godt med skule og barnehage.
• Vi praktiserar løpande opptak, så lenge det er ledige plassar.
• Elektronisk søknadskjema.
• Vi prioriterar elevar innan alderen 6-18 år, og eit individuelt tilbod til kvar elev.
• Individuell undervisning innan musikk: akkustisk og elektrisk gitar, bass, slagverk, piano, keyboard, piano, orgel, kornett, tverrfløyte, vokal.
• Gruppeopplæring: dans og turn, teater og kunst; eit tilbod for elevar i 1.-4. klasse.
• Ein kan leige instrument for 100 kroner per halvår. Dette vert fakturert 2 gonger i året.
Sist oppdatert 05.01.2012