English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Lokal kunst

Fyresdal kommune har gjennom nokre år sett av midlar til innkjøp av lokal kunst. Dette for å byggje opp ei samling med kunst som er laga av lokale kunstnarar og handverkarar.

Retningslinjer for kjøp av kunst:

1. Kunst laga av lokale kunstnarar og handverkarar.

2. Kunsten skal vandre rundt i dei ulike avdelingane.

3. Kulturavdelinga organiserar innkjøpet og vandringa.


Kunst eigd av Fyresdal kommune:

  • Kunstverk som tidlegare er kjøpt inn, er òg ein del av kunstsamlinga, eigd av Fyresdal kommune.
  • Kulturavdelinga vil registrere det som fins i dei ulike avdelingane. Kunstverka vert registrerte med plassering, namn, kunstnar og bilete. Denne oversikten vert liggjande på heimesida.
  • Kunstverka skal merkast med følgjande etikett: Dette kunstverket er ein del av den mobile kunstsamlinga til Fyresdal kommune.
  • Kunst i Fyresdal kommune skal kunne vandre mellom avdelingar og kontor.
  • Kunst som er testamentert/gjeve til einskilde avdelingar vert verande på desse avdelingane.

Sist oppdatert 05.01.2012


Kontakt kulturavdelinga:
Sarke Veum

Liv Blørstad Kiland