Organisasjon
Fyresdal kommune ynskjer å vere orientera mot løysingar. Vi som arbeidar i kommunen er eit verktøy til å sette politiske vedtak ut i livet. Vi har ei målsetting om å vere "Vill, raus og god".
For oss tyder desse orda:
Vill - utradisjonelle, handlekraftige, sterke, har humor, tør å hive oss ut på litt djupt vatn og står for ein støyt!
Raus - er romslege, har takhøgde, respekt og omsorg.
God - tenestene våre skal ha høg kvalitet og følgje opp dei måla som er sett.
Dette skal setje sitt preg på vår kvardag og dei haldningane som tilsette har i forhold til dei som tek kontakt med oss. Det tyder ikkje at du kan vere sikker på å få det som du ynskjer, men dette seier noko om korleis me vil møte deg.
Sjå fyljande linkar for meir informasjon om oss i kommunen: