Mål for personalarbeidet i Fyresdal kommune.
Vedteke i kommunestyret 30.06.2005:
- Fyresdal kommune har eit arbeidsmiljø der alle tilsette er myndiggjorte og tek ansvar for å skape eit godt arbeidsmiljø. Eit godt arbeidsmiljø er prega av gjensidig respekt, fleksibilitet og tru på at vi blir betre saman.
- Gjennom dialog tek Fyresdal kommune omsyn til dei tilsette i ulike livsfasar.
- Fyresdal kommune har leiarar som er godt kvalifiserte til å vere gode, synlege og tydelege leiarar for kollegaene sine.
- Fyresdal kommune førebygger sjukefråvær gjennom gode leiarar og aktive og bevisste tilsette.
- Farar som trugar arbeidsmiljøet blir reduserte gjennom ei aktiv satsing på HMS-arbeid.
Fyresdal kommune er ei IA-bedrift.
Det vil seie at ein skal legge til rette for eit inkluderande arbeidsliv som har plass til alle som vil og kan arbeide.