Rådmann Ketil Kiland
Her kan du lese innlegg frå rådmannen i Fyresdal kommune.
Vinternytt frå rådmannen
På eit næringsmøte med god deltaking både frå bedrifter, landbruk og andre interesserte fekk vi godt skussmål frå både fylkesordførar og direktøren for Innovasjon Norge i Telemark. På ein konferanse for heile Telemark noko seinare nemnte på nytt fylkesordføraren på dei mange gode døma frå Fyresdal og på møte mellom formannskap og fylkesutval nyleg møtte ein engasjert ordførar stor merksemd for satsinga i Fyresdal. Vi er stolte over kva næringslivet i Fyresdal får til og dei planane vi saman for vidare utvikling.
Fyresdal kommune har som hovudmål å auke busetjing. Dette er viktig for å kunne oppretthalde vårt gode servicetilbod og ha eit godt og variert kulturliv. Alle er hjarteleg velkomne til Fyresdal, men naturlegvis er barnefamiliar av ekstra stor interesse for oss som for andre kommunar og. Vår flotte skule har kapasitet til mange fleire ungar. Vi treng yngre folk både til kommunale jobbar, men og bedriftene treng meir arbeidskraft. Vi veit at mange som har flytta ut for å ta si utdanning er engasjert i heimkommunen sin og gjerne vil yte eit positivt bidrag. Dei er gjerne våre beste ambassadørar og dei snakkar godt om heimstadkommunen sin. Med å halde ein god kontakt med desse meiner vi at dei ytterlegare vil "framsnakke" Fyresdal og at fleire og fleire vil flytte heim att når jobbtilbod dukkar opp eller tida er inne til å skape sin eigen arbeidsplass. Vi har nå mange gode døme på yngre barnefamiliar som har flytta heim att eller har høyrt om Fyresdal og flytta hit fordi kommunen er ein god stad for ungane og er ein god stad å bu for alle. Vi helsar alle velkomne!
Fyresdal er godt kjent for sine pendlarar. Gjennom ti-år har folk pendla ut for å arbeide på anlegg, tildegare sjømenn og nå Nordsjøarbeidarar. Vi har og korttidspendling til nabokommunane som syner at Fyresdal er ein attraktiv stad å bu sjølv om arbeidsstaden kan ligge annan stad. Desse gruppene vil vi gjerne kome i kontakt med og vil snart invitere til eit dialogmøte med folk som har flytta til Fyresdal. Her vil vi lytte til kvifor dei flytta til Fyresdal og kva kan dei ut frå eiga erfaring fortelje oss for å få fleire til å flytte hit. Vi håpar på godt oppmøte og at vi saman kan gjere kvarandre gode. Dette er viktig for å skape eit lokalsamfunn i vekst.
Samhandlingsreforma tok til å virke frå nyttår av. Så langt har det for vår del ikkje ført til dei store konsekvensane. Dyktige legar og pleiepersonell hos oss har vore vant med å gje utvida tilbod for dei som har blitt utskrivne frå sjukehusa. Av denne grunn merkar vi ikkje så mykje til endringane nå. Planane om bygging av ny demensavdeling er godt i gang. Byggestart truleg i løpet av hausten. Ein utvida kapasitet vil gjere det lettare for oss å ta imot og hjelpe alle utskrivingsklare pasientar som samhandlingsreforma krev.
Elevar og lærarar er tilbake på Gimle skule og "hotellopphaldet" er avslutta. Ein flott skule med eit aktivitetsbasert uteområde skaper trivsel og blir lagt merke til av mange. Dette er vi svært stolte av. Nokre problem med oppvarming og styring av ventilasjon m.m. er der fortsatt, men med den positive haldninga som rår blant dei som er der til dagleg og dei som arbeider med å få orden på dette blir resultatet perfekt. Vi gler oss til sommaren når vi som krona på verket får på plass dei kunstnariske innslaga både utom- og innomhus.
På kommunehuset er der ei ombygging av sentralbordet på gang. Matromet blir nå flytta tilbake ved sidan av sentralbordet der det var før. Nødvendig oppgradering blir gjort samstundes. Vi meiner dette vil vere ei god løysing både for alle som har sitt virke i huset eller som bare er innom.
Vintersola gyller fjella og flott skiføre lokkar når eg skriv dette. Håpar alle på sin måte nyt godt av den flotte naturen vi har her i Fyresdal og om ikkje lenge dryp det av taket og våren står for døra.
Ha ein god dag!
Helsing
Ketil O. Kiland
rådmann
Sist oppdatert 13.02.2012