Juli 2010
Alle kommunar er inne i stor omstillingsprosessar. Samfunnet endrar seg raskt og mange samfunnsoppgåver blir sentralisert. For Fyresdal sin del fekk vi ein av dei første endringane når Arbeidsmarknadsetaten, Trygdeetaten og Sosialtenesta vart slått saman. Dette etter at likningskontoret frå før var sentralisert. Sentrale krefter hadde gjerne sett eit regionalt NAV-kontor for heile Vest-Telemark, men i lov var det fastslått at slike kontor skulle ligge ute i den enkelte kommune.
Den lokal hjelp ein fekk på Trygdekontoret og seinare ved kommunevise NAV-kontor for refusjon i samband med pasientreiser etc. er nå sentralisert. Erfaringane har så langt ikkje vore særleg gode.
I desse tider omorganiserer Sivilforsvaret. Dette medfører at Fyresdal mistar utstyr som er lokalisert i kommunen og det skal bli eit tettare samarbeid med kommunane Drangedal og Nissedal om øvingar.
Nokon av oss minnest sikkert også Heimevernet –gradvis nedbygging og regionalisering – kor er det blitt av?
For om lag eit år tilbake kunne vi få nytt pass ved det lokale lensmannskontoret i Fyresdal. Dette må vi nå til Vinje eller Seljord for å få.
Lensmannskontora er nå til vurdering. Kanskje eit lensmannskontor i Vest-Telemark?
Samhandlingsreforma som nå er i gang – kva skjer med det kommunale tilbodet?
Det er opplagt at vi alle må vere ein del av samfunnsutviklinga og akseptere endringar. Som døme er Post i butikk ei ordning som nok dei fleste oppfattar som positiv. Etter mitt syn er risikoen for negative konsekvensar ved slike omstillingar langt mindre om ein kan halde fram med å få møte menneskje der ein bur. Internett og andre løysingar kan vere gode hjelpemiddel for å kunne snakke saman, men er ikkje alltid ei fullgod løysing for å erstatte den lokale møtestaden.
Dei mange faglege argumenta for store omleggingar er etter mitt syn altfor lite opptatt av kva som er godt for innbyggjarane, men er meir opptatt av å finne argument for å tilpasse eigen organisasjon, slik som t.d. større einingar, større fagmiljø, lettare å rekruttere arbeidskraft osv.
For kommunane handlar ikkje sentralisering bare om endringar i tenestetilbod, men og flytting av viktige ressurspersonar som utover sitt virke yter mykje i lokalsamfunnet. Det handlar om beredskap, omdøme og til slutt kor folk vel å busetje seg.
Mange er svært opptatt av tenestetilbodet som kommunen gir. Dette innan alle sektorar. I det siste har det vore tilbodet innan omsorg som har blitt diskutert i Fyresdal, men naturlegvis ynskjer alle å ha gode tekniske tenestar, eit sterkt næringsliv og at det skal vere godt å vekse opp i kommunen.
Budsjettdrøftingane i løpet av hausten vil avgjere korleis det skal prioriterast. Når det ikkje er snakk om vesentleg meir pengar inn i kassa blir det meir tale om omprioriteringar mellom fagområde. Dette er ikkje lett da alle både på politisk nivå og administrativt nivå ynskjer å gje enda betre tenestetilbod innan sitt område.
Eg ser det som viktig at vi ikkje må gløyme alle dei gode tilboda vi har i Fyresdal kommune. Slike tilbod er heller ikkje opplagt, men er bygd opp over tid gjennom politiske prioriteringar. Desse tilboda er ofte lett å gløyme når det innimellom dukkar opp tilbod som openbart kunne ha vore betre.
Helsing
Ketil O. Kiland
rådmann
Sist oppdatert 29.12.2010