English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Mai 2011

Vår og sommar!

Ein heller lang og kald vinter gjekk fort over til vår og nesten sommar på same tid. Frå store snøfonner ei veke til barkmark neste veke gav ei annleis påske enn vanleg.

Høgare straumprisar og meirforbruk av straum er ei utfordring både for private og for kommunen. Mykje sno har og ført til auka kostnader også her, men det er grunn til å gi ros for det gode arbeidet brøytemannskapa har gjort.

Gjennom vinteren har arbeidet med utbetring av Gimle skule gått etter planen. Og nå er utearbeida godt i gang. Ny veg til er i ferd med å bli ferdigstilt og leikeområde der trafikktryggleik er sett skikkeleg fokus på vil sete sitt preg på våre sentrumsnære område når arbeidet er ferdigstillt i løpet av oktober.

Arbeidsgruppa som har fått i oppgåve å sjå på bygging av nye omsorgsbustader og bygging av demensavdeling arbeider nå med konkrete planteikningar. Som del av samhandlingsreforma som skal ta til å virke frå nyttår av vil vi få eit tydelegare ansvar for å tilrettelegge for våre innbyggjarar sjølve. Alt nå synest vi å merke at sjukehuspasientar blir sendt raskare heim enn før.
Det er inga tvil om at dette blir ei ny utfordring, men likevel har Fyresdal gjennom år bygt seg opp kompetanse og har dyktige fagfolk som på ein framifrå måte alt løyser mange av dei utfordringane som kjem.

Hotellet har synt seg vanskeleg å få seld. Fleire løysingar for bruk har blitt diskutert med interesserte, men kommunen har nå kome til at attføringsverksemda vår Telemark Lys, som og er den formelle eigaren av hotellet, skal utvikle sitt eige konsept. Vi håpar da å få til eit senter som får fleire bein å stå på. Så langt vert det arbeid med å få etablert ein næringshage, eit treningsstudio med eit godt helsetilbod knytta opp mot dette, ei storstoge for kommunen som kan brukast ved ulike arrangement og ein mindre utleigedel for turistar.

I Folkestadbyen finn vi eit variert handelstilbod til å vere i ein så liten kommune. Kommunen ynskjer å delta i eit nasjonalt landsbynettverk og har søkt om prosjektmidlar for å utvikle Folkestadbyen gjennom ei slik deltaking. Om vi får i gang dette prosjektet som omsøkt ynskjer vi ei brei deltaking som skal involvere langt ut over sentrumsnære tiltak og grendevise prosjekt vil vere særleg velkomne.

For alle distriktskommunar vil det vere viktig å tilrettelegge for nye arbeidsplassar av alle slag. Det er urovekkande at talet på arbeidsplassar innan primær- og sekundærnæringar minkar. Veksten synest å kome i tenesteytande næringar som for vår del gjerne har ein sterk offentleg profil i form av omsorgstenester. Dette kan vi ikkje leve av aleine og difor er det så viktig å vere med på å utvikle alle typer arbeidsplassar både for å trekke nye innbyggjarar, men og gje gode jobb-tilbod for dei som alt bur her.
Langt dei fleste tar i dag vidareutdanning. Difor er det særdeles viktig å kunne tilby kompetansearbeidsplassar tilpasse mange av dei fag og yrkesutdanningane som finst.

Det er stadig eit sterkare press på sentralisering. Ikkje minst ny struktur for våre lensmennskontor minte oss om dette og nå ytterlegare nedlegging av likningskontor. Ein uthaldande og tydeleg politisk haldning som det Fyresdal kommune står for vil vere avgjerande for framtidig busetting ute i distrikta.

Fyresdal kommune har fortsatt ein god og sunn økonomi, men det er ikkje tvil om at nødvendige investeringar i skule, barnehage, omsorg og ei bilblioktekutbygging frametter vil måtte sette sitt preg på at det blir mindre att til dagleg drift. Det er viktig å finne ein god ballanse her som fører til at gode fysiske rammer kan vere med på å utvikle eit enda betre tenestetilbod og ikkje motsatt.

Eg nyttar høve til å ynskje alle ein god sommar og husk at til hausten er det kommuneval.
Bruk stemma di!


Helsing

Ketil O. Kiland
rådmann

10. mai 2011

 

Sist oppdatert 22.03.2012