Desember 2010
Ketil Kiland skriv 29. desember:
Fyresdal kommune inn i framtida!
Som så mange kommunar står utfordringane i kø. Mange kommunar slit med stor gjeld og vanskar med å finne nok midlar til å oppretthalde så gode tenestetilbod som blir kravd eller som dei gjerne vil gi sine innbyggjarar.
Økonomien i Fyresdal er enda svært god, men med låneopptak på slutten av 2010 på 30. mill. kr for å kunne bygge om og bygge nye skulelokale vil dette merkast på drifta frametter. Andre aktuelle investeringar i bygningsmasse er barnehage, kommunehus og bygging av omsorgsbustader og tilrettelegging for demente på Omsorgssenteret. Ein ting er å byggje, men vi veit samstundes at eit betre tilbod innan demensomsorg vil krevje fleire stillingar. Eit vanskeleg reknestykke å få til å gå i hop, men likevel er det slik at Staten for tida har gode låneordningar for restaurering/nybygg innan omsorg som gjer det gunstig for oss å gjere desse utbyggingane så snart som råd. Vi veit og at vi frå 2012 skal fase inn ei samhandlingsreform som føreset eit utvida helsetilbod i alle kommunar. Det ligg ein klar forventning frå kommunane om at ressursar da må følgje med frå Staten og at fleire folk kan tilsetjast.
Den andre store utfordringa som vi nå ser er den negative utviklinga i folketalet. Dette kan for 2010 i stor grad forklarast med svært mange dødsfall og få fødslar. Slike svingingar må ein leve med, men det er verre om i tillegg fråflyttinga er større enn tilflyttinga. Kommunestyret har på nytt gitt grønt ljos for å rekruttere nye innbyggjarar frå Mellom-Europa, men like viktig vil det vere å arbeide med gode tiltak for å halde på dei innbyggjarane vi har og syte for at folk flyter heim att eller rett og slett bare flytter til Fyresdal.
Av andre store saker som vil oppta oss i 2011 er å medverke til ei positiv utvikling i Hauggrend etter at Steinerskulen nå har lagt ned drifta.
Det har vore ei betydeleg innsparing for kommunen å ha nytta hotellet som skule denne vinteren. Parallelt med dette er der arbeid med prosjekt som kan føre til at nokon vil kunne bruke bygningane på ein god måte for oss og dei. Det er viktig at båe stadene nå finn sin driftsform som kan gje ei stabil utvikling både på kort og lang sikt.
Av andre store saker som kan nemnast er at vi nå startar opp revisjon av konsesjonsvilkåra for Finndøla kraftverk. Fyresdal kommune er vidare saman med andre kommunar involvert i saker om kraft-skattelegging som kan gi monaleg auke i inntektene til kommunen om vi vinn fram.
I skulen blir det sett inn ekstra ressursar til rusforebygging og tiltak for å auke læringsnivået generelt. Dette er viktig for den enkelte elev, men og for omdømet til kommunen.
Først i 2012 er det avsett midlar til FV 355, men i 2011 vil reguleringsplanen for gang-/sykkelveg frå kommunehuset til Statoil-stasjonen vere klar. Ein håpar da på at den etterlengta g/s-vegen kan kome på plass saman med utbetring av fylkesvegen.
Vi går også inn i eit valår som nok vil merkast.
Nytt kommunestyret blir redusert frå 21 til 13 medlemar som og kan føre til færre utval. Ei ny og spennande utfordring.
Vi vil også ganske snart på nyåret ta endeleg stilling til strukturen for lensmannskontora i Vest-Telemark. Eg gir i denne samanheng ros til Ungdomsrådet i kommunen som har engasjert seg sterkt i denne saka både med oppmøte på Stortinget og skriv til sentrale og lokale politikarar.
Slik kan ein halde fram med store og små saker som vil oppta oss i 2011 og åra deretter. Det er viktig for oss alle å dvele med fortida for å lære av våre feil og ta med oss det som gjekk godt, men det har lita hensikt å bli verande i fortida da det er i framtida utviklinga ligg.
Eg ynskjer alle lykke til med det nye året!
Helsing
Ketil O. Kiland
rådmann
Sist oppdatert 22.03.2012