Februar 2010
Ein kaldare vinter enn det vi har hatt på lenge er i ferd med å ebbe ut. Dagane blir lengre, sola vermer og det gjer ikkje lenger så mykje med kalde netter. Kulda til tross; kva kan vere vakrare enn måneskin over Fyresdal ei slik vinternatt? Kva er vel betre å gå på enn vinterbrøyta veg der snoen knirkar under skoa?
Det er flott det, framfor skitne og salta bygater om dei aldri så mykje er opplyst av eit hopetal av gateljos.
Så litt over til den kommunale kvardagen som vi i alle fall rår meir med enn både vinter og vår.
Kulda gav oss nokre ekstra utfordringar for å hjelpe eldre som hadde vanskar med å skaffe ved eller å fyre. Raske tiltak frå både omsorgspersonell, teknisk sektor og ikkje minst mange som hjelpte til som naboar synte at vi har ein høg sosial beredskap i kommunen.
Takk til alle.
Restaurering og utviding av skulen dette året blir det største prosjektet Fyresdal kommune har hatt. Mange utfordringar for lærarane og elevane, men og for den kommunale økonomien frametter. Vi reknar med at endeleg avgjerd om dette blir tatt i kommunestyret i april med planlagt byggestart i første delen av juni. Ferdigstilling til skuleåret 2011/12.
Den økonomiske stoda vil nok bli meir krevjande i åra som kjem. Regjeringa har og varsla at det blir strammare kommuneøkonomi.
Alt nå i vår vil vi arbeide med moglege sparetiltak for 2011. I slike prosessar er det alltid viktig å gjere skadeverknaden for brukar minst mogleg, men det er og slik at mest alle opparbeida goder er vanskelege å miste.
Det er grunn til å tru at kutt i tiltak likevel må drøftast da reduksjon i tenestekvalitet er ei svært vanskeleg linje å balansere på over tid.
Eg vil også få minne om Samhandlingsreforma. Den største helsereforma vi nokon gong har hatt i landet. I grove trekk skal fleire og fleire pasientar får tilbod så nær sin bustad som råd. Vi veit at fleire og fleire blir sjuke i tidleg alder og at dette gjerne er livsstilsjukdomar.
Alle vil i større grad bli bedt om å ta betre vare på eiga helse, og legane skal ha meir fokus på førebygging enn bruk av medisin. Ein finn ikkje eit enkelt svar her. Kombinasjonar med auka samarbeid mellom kommunar, legar, sjukehus, ulike måtar å behandle på osv. vil vere viktig. Det vil bli mykje fokus på denne reforma alt i år. Vest-Telemark vil få sin eigen prosjektleiar.
Eg vil rå alle til å følgje godt med. Dette er ei viktig reform som vil gjelde oss alle.
Heilt til slutt vil eg få minne om enda ei stor utfordring. Det er veksten i sjukefråværet. Vi blir eldre og eldre, friskare og friskare, men likevel aukar sjukefråværsprosenten meir i Noreg enn noko anna land i Europa. Slik kan vi bare ikkje ha det. Det er partane i arbeidslivet samde om.
Så får vi sjå om nye avtaler kan hjelpe oss med å få ned sjukefråværet. Bare 1% ned i sjukefråvær for kommunane ville føre til at vi kunne tilsette 2.700 fleire omsorgsmedarbeidar som vi veit at vi treng svært mange av i åra som kjem.
Eg nyttar da høve til å ynskje deg ein god vinter og ein god vår!
Helsing
Ketil O. Kiland
rådmann
Sist oppdatert 29.12.2010