September 2010
Hausten med sitt flotte fargespel og klare luft kjem nå for fullt. Nok ei fantastisk årstid som gjer ekstra mykje ut av seg i Fyresdal med høge toppar, fjellvatn og fjellbjørkeskog.
Like sikkert som hausten kjem også kommunal budsjettprosess. Viktig å finne eit driftsnivå der vi er kostnadseffektive og leverer gode tenestar til ein forsvarleg pris. Fyresdal kommune har gjennom kommunebarometeret som er eit nasjonalt vurderingssystem, som både måler effektivitet og økonomi, synt at vi gjer det godt.. Naturlegvis ville meir pengar kunne ført til at vi kunne fått til enda meir på mindre tid. Fyresdal kommune har ein sunn økonomi som gir handlekraft, men ikkje utan at tilsette og politikarar må anstrenge seg for å nå mål og gi gode tenester. Kanskje det er nett på eit slikt nivå vi skaper eit godt arbeidsmiljø prega av løysingsorienterte medarbeidarar..
Politisk står ein over for store saker nå i haust utover budsjett-handsaminga. Fyresdal kommune må ta stilling til lensmannsstrukturen i Vest-Telemark. Vidare må kommunen ta stilling til om ein meiner at Høgskulen i Telemark bør utvikle seg til å bli Universitet og om kommunen skal vere med på ei finansiering for å få dette til. Regionsamarbeidet må og tenkje heilt nytt da Fellesfondet som tidlegare finansieringskjelde frå neste år er bort og ein må finne andre løysingar for å drive dette samarbeidet vidare.
Sjukefråværet er lågt i Fyresdal kommune samanlikna med mange andre kommunar. Dette vitnar om eit gjennomgåande godt arbeidsmiljø der folk trivst med å vere på jobb. Eit sjukefråvær pr. 1. september på 6,2 % er nær det målet vi har sett oss på 6,0%. Arbeidet med å få til lågt sjukefråvær er likevel ein kontinuerleg prosess. Gjennom tilsetting av koordinator innan helse, miljø og sikkerhet meiner vi å kunne ha høgt fokus på dette arbeidet som vil gjere oss meir kostnadseffektive gjennom mindre bruk av vikarar og auka nærvær med høgare stabilitet både for medarbeidarar og brukarar av våre tenestar.
Skulen med elevar og lærarar har med å ta hotellet i bruk som læringsarena i vinter synt stor vilje og pågangsmot for å løyse eit problem på ein framifrå måte. Salsprosessen for hotellet held på og må avklarast i løpet av hausten. Dersom denne prosessen ikkje lykkast kan det vere aktuelt å nytt delar eller heile bygningsmassa som kommunalt tenestebygg.
Fyresdal kommune gjorde for to år sidan vedtak om å ta imot 30 flyktningar. Vi er her godt i rute og har nå tatt imot nær 20 personar. Dette er bra og aukar interessa for fleirkulturell forståing. Telemark Lys har ansvaret for arbeidstrening og vaksenopplæringa, medan vi tar oss av barn både i barnehagen og i skulen. At 15% av elevane med Gimle skule nå er framandspråklege gir også nokre faglege utfordringar i tillegg til at Fyresdal kommune også er med på den nasjonale bylgja om at mange elevar treng særskilt hjelp.
Eg nyttar høve til å gje mine medarbeidarar ros for å vere fleksible, løysingsorienterte og bidra aktivt for å få til eit godt arbeidsmiljø som skaper trivsel og gir kostnadseffektive og gode tenestar.
Når dette er sagt er vi også alltid avhengige av at våre brukarar gir oss tilbakemeldingar på våre tenestar for å kunne utvikle tenestilbodet vårt enda meir. Ta gjerne opp med oss det du meiner vi kan bli betre på og det er svært hyggeleg når tilsette får ros for arbeidet sitt.
God haust til alle!
Helsing frå
Ketil O. Kiland
rådmann
Sist oppdatert 29.12.2010