English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Bustadtomter og kommunale utleigebustader

Fyresdal kommune har som overordna mål å leggje til rette for at Fyresdal skal vere ein god plass å bu og virke. Ei viktig satsing for Fyresdal er difor å leggje til rette attraktive bustadtomter, både i sentrumsnære område og i grendene. Kommunen gjev eit tilskot på kr. 25.000,- ved bygging på opparbeidde tomter i kommunale felt. Ved bygging av bustader utanfor dei kommunale felta vert det gjeve eit tilskot på kr. 100.000,-.

Kynjushamaren i Grunnvik - nytt tomtefelt under planleggjing. Sentrumsnære tomter i nordenden av Fyresvatn.

Tøddebakkane
Bustadfeltet Tøddebakkane ligg i sentrum av Fyresdal, tett inntil Folkestadbyen som er handelssenter, og nær som skule, barnehage, legesenter, kulturhus, kommunehus osv. Tøddebakkane ligg med utsikt over sentrum og Fyresvatnet. Prisen på dei byggjeklare tomtene er kr. 40.000,-.

Sørbygda
I ”Sørbygda”, 2 km sør for Fyresdal sentrum ligg det etablerte bustadområde med mange fine utsiktstomter over Fyresvatn. Området ligg inntil ”gamlevegen” som går til sentrum og denne vert nytta som gang- og sykkelveg dit.

I Sørbygda ligg det føre eit nytt (privat) bustadområde i tilknytning til det eksisterande. Feltet er ikkje ferdig detaljregulert og førebels ikkje opparbeidd med byggjeklare tomter, men dette skal kunne løysast dersom det melder seg interessentar.

Hauggrend
Kommunen har nokre få ledige tomter i det kommunale bustadfeltet i Hauggrend, lengst nord i kommunen. Prisen på dei byggjeklare tomtene er kr. 40.000,-.

Innanfor kommunedelplan for Hauggrend ligg det i tillegg føre ledig byggjeareal for bustader ned mot Skredvatn. Bygging her føreset løyve frå grunneigar og avklaring i høve til tomteinndeling / detaljplan.

Haasum - småbrukstomter
17 store tomter til sals for bygging av småbruk. Tomteareal frå 80 - 95 da. Pris kr 250.000,- pr tomt. For spørsmål og synfaring av tomter, ring Elandis Eiendom v/ John Bras - tlf. 941 67 178.

Bygging i grendene
Fyresdal er positive til bustadbygging utanfor dei regulerte områda og i grendene, så lenge plasseringa ikkje kjem i direkte konflikt med viktige sektorinteresser som skal ivaretakast. Det må søkjast om dispensasjon frå overordna plan for slike enkelttomter, og handsaminga kan ta frå 1 til 4 månader. Ta kontakt med kommunen for å få råd om korleis ein går fram med søknad. 

Sist oppdatert 10.01.2012