English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Tilskot til bygging av heilårsbustad

  • Bustaden må nyttast til heilårsbustad.
  • Tilskotsatsen er den som gjeld på det tidspunktet byggeløyve ligg føre.
  • Det blir ikkje gjeve meir enn eit tilskot til kvar bustad. Seinare tilbygg gjev ikkje rett til tilskot. Bustader bygde av det offentlege har ikkje rett til tilskot.
  • Bygg med fleire enn 2 eigne juridiske bueiningar gjev, etter søknad frå utbyggjar, eit tilskot på kr 50.000,- pr. bueining. Brukstillatelse eller ferdigattest frå Fyresdal kommune på heile bygget må ligge føre før tilskotet blir utbetalt.
  • Bygg med leilighet som eiga bueining for utleige, gjev rett til eit utvida tilskot med kr 10.000,-.
  • Tilskotet blir ikkje utbetalt før bygget er ferdig og brukstillatelse eller ferdigattest frå Fyresdal kommune ligg føre.
  • Tilskotet er på kr 25.000,- til nybygg i kommunale felt og kr 100.000,- til nybygg utanom kommunale felt.
  • Bygginga må vere igangsett innan 1 år etter at tilsagnet er gjeve, og gjennomført innan 3 år. Etter 3 år fell tilsagnet om tilskot vekk.
  • Bygg som blir oppført etter skader som blir dekt heilt eller delvis av forsikringsutbetalingar, får ikkje tilskot.

01.01.2009Hammer

 



Sist oppdatert 10.01.2012

Kontakt:
Marit N. Dale