English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Lønstilskot til sommararbeid

Private eller offentlege verksemder, eller private personar i Fyresdal som tek inn skuleungdom frå Fyresdal, som er mellom 16 og 21 år i kalenderåret får eit lønstilskot på:

  • 50% av utbetalt timeløn, maks kr 50,- pr time. Lønstilskotet blir utbetalt mot dokumentasjon, seiste frist for innsending av dokumentasjon er 15. oktober.
  • Verksemder søkjer kommunen før 20 mai, om å ta inn namngjevne personar. Det kan godkjennast inntil 200 timar for kvar arbeidstakar. Rådmannen godkjenner søknadane. 
  • Det blir ikkje gjeve lønstilskot til ungdom i eigen familie dvs. born og borneborn. Dette gjeld ikkje for næringsdrivande som er registrerte i arbeidsgjevarregisteret.
  • Det blir ikkje gjeve tilskot til arbeid som får vesentlege kommunale tilskot etter andre reglar, t.d. 1. gongs tynning i H. til III.
  • Arbeidsavtale skal fylgje med søknaden, og skal brukast som grunnlag for prioritering blant søknadane.

01.01.2009


 

Sist oppdatert 10.01.2012