Tilskot til vedlikehald av private vegar
- Det vert gjeve eit årleg tilskot til private vegar med fast busetnad. Tilskotet er kr 3,- pr. m veg og i tillegg kr 1.025,- som er ein fast årleg sum.
- Veglengda vert rekna til seiste fastbuande registrera i folkeregisteret.
- Minste veglengde er 200 m.
- Veglengde frå 200 til 300 m, må ikkje ha fleire enn 2 husstandar.
- Veglengde frå 300 til 400 m, må ikkje ha fleire enn 3 husstandar.
- Veglengde frå 400 til 500 m, må ikkje ha fleire enn 4 husstandar.
- Veglengde frå 500 til 1000 m, må ikkje ha fleire enn 6 husstandar.
- Veglengde over 1000 m har ikkje krav til talet på husstandar.
- Den ansvarlege for veganlegget er pliktig til å gje kommunen opplysningar snarast råd om endringar i føresetnadane som vil påverke utrekninga av tilskotet.
- Etter at eit veganlegg er godkjent for tilskot, vert det utbetala innan 1. mai kvart år.
01.01.2009
Sist oppdatert 10.01.2012