English
MenySeparator
Facebook
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Tilskot til vøling av eldre heilårsbustader

  • Eldre bustadhus som blir bygde om eller rusta opp bygningsmessig og der tekniske anlegg blir rusta opp, kan etter søknad få eit tilskot på 10%, inntil kr 25.000,- av dokumenterte kostnader. Kostnadene må vere minst kr 200.000,- for at ein kan søkje. Bustaden må få fullgod standard. Vanleg vedlikehald etter sektorleiar Fyresdal kommune si førehandsvurdering blir ikkje rekna med.
  • Tilskot blir som hovudregel gjeve til bustader bygde før 1960. Vølinga av slike bustader må vere eit alternativ til bygging av ny bustad.
  • Tilbygg kan godkjennast der arealet i eksisterande bygg er for lite for å oppnå god standard, eller for å få ei betre estetisk løysing.
  • Det kan søkjast om tilskot til miljøtiltak og/eller private vassanlegg i tillegg til vøling av eldre heilårsbustader. Kostnadane til miljøtiltak og/eller vassanlegg skal ikkje reknas med i beregningsgrunnlaget for tilskot til vøling av eldre heilårsbustader.

Kommunen si godkjenning må ligge føre før arbeidet blir sett i gang.

01.01.2009

 




 

Sist oppdatert 10.01.2012

Kontakt:
Arild Metveit