Fyresdal kommune søkjer sektorsjef for kultur og oppvekst
Sektorsjef har overordna ansvar for sektoren og sit i rådmannens leiargruppe. Stillinga er 100 % fast.
Fyresdal kommune er ein liten, men handlekraftig og spenstig kommune i Vest-Telemark. Vi legg særleg vekt på gode bu- og etablerartilhøve, og har eit sterkt fokus på nytenking og utvikling. Hovudmålsetjinga i kommuneplanen vår er: ”Gjennom handlekraft, fleksibilitet og utradisjonelle løysingar, skal Fyresdal vere ein framifrå stad å bu og virke.”
Fyresdal kommune har samla avdelingane kultur, barnehage, skulefritidsordning, grunnskule og vaksenopplæring i ein sektor. Vi har nytt bibliotek, nyrenovert moderne skulebygg, og planlegg opprusting av barnehagen. Alle avdelingane i sektoren er samla rundt eit flott, bilfritt aktivitetsområde.
Fyresdal kommune vil ha ein kultur- og oppvekstleiar som:
- Har stort fokus på eit godt læringsmiljø.
- Ser heilhet og samanheng i opplæringsløpet frå barnehage til overgang vidaregåande skule.
- Har skulefagleg kompetanse, pedagogisk utdanning og leiarerfaring.
- Gjerne har kulturfagleg og barnehagefagleg kompetanse.
- Set fokus på kultur i heile sektoren.
- Har ei positiv og problemløysande innstilling.
- Vektlegg relasjonsbygging, kan samarbeide, utvikle og motivere personalet.
- Er ein aktiv pådrivar i endrings- og utviklingsarbeid.
Tilsetting skjer i samsvar med gjeldande lovar og reglement. Politiattest av ny dato må leggast fram i samband med tilsetting. Løn etter avtale.
Spørsmål om stillinga kan rettast til noverande sektorsjef Torny S. Moripen, tlf. 35067100 / 47359835, eller rådmann Ketil O. Kiland, tlf: 35067100 / 97078500.
Vi ber om at de nyttar elektronisk søknadsskjema som de finn på heimesida www.fyresdal.kommune.no.
Søknadsfrist: 12.02.2012.
Velkomen som søkjar!
Sist oppdatert 13.02.2012