Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Digital post

Digital post - enkelt, trygt og sikkert!

Vi såg ein auk på 26 digitale postkasser etter kampanjen vi hadde i vår. Det vil seie at etter kampanjen hadde 328 av innbyggjarane våre over 15 år tatt i bruk digital postkasse. Dette var bra, men nå ynskjer vi endå fleire!

Kommunen trur at mange innbyggjarar vil synest at digital postkasse er praktisk: Du unngår unødvendig ventetid, og får mange brev frå det offentlege og det private direkte i den digitale postkassa. Raskt, sikkert og enkelt.

Men, hugs å opne post frå Fyresdal kommune digitalt!

Til dømes, dersom begge foreldra til eit barn får elektronisk post, ser vi ofte at det eine brevet blir lest digitalt, mens det andre blir sendt til print. Det er fint om begge breva kan opnast digitalt slik at dei ikkje blir sendt til print.

Slik skaffar du deg digital postkasse:

- Gå inn på norge.no
- Vel «Digital postkasse»
- Finn fram den elektroniske ID-en din (e-ID), for eksempel din BankID
- Vel enten Digipost eller e-Boks
- Følg instruksjonane frå e-Boks eller Digipost for å opprette postkasse

Sjå norge.no for meir informasjon

Treng du hjelp til å opprette digital postkasse, eller har du spørsmål om tenesta, kontakt kommunen - vi hjelper gjerne til!

NB! Uopna elektronisk post til bedrifter som er registrert i Enhetsregisteret blir ikkje ettersendt som brevpost

Jamfør eForvaltningsforskriften som pålegg alle som er registrert i Enhetsregisteret å kunne motta informasjon frå kommunal og statleg forvaltning elektronisk. Dette skjer i praksis som varselmeldingar i meldingsboksen i Altinn.

Brev

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk