Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Digital sjukemelding

Fastlegane skriv nå ut sjukemeldingane digitalt og ikkje på papir.

Når legen har sjukemeldt deg får du ein SMS eller ein e-post med ei lenke for å logge deg på NAV.no. Når du har logga deg på NAV må du svare på nokre spørsmål og stadfeste at du vil nytte deg av sjukemeldinga. Både sjukemelding og søknad om sjukepengar skal sendast digitalt.

Du kan logge deg på via mobil, pc eller nettbrett. For å logge deg på Ditt NAV treng du BankID. Om du ikkje har eller kan skaffe deg BankID, kan du framleis levere sjukemeldinga på papir, men då må du be legen skrive den ut.

Etter at sjukemeldingsperioden er over, eller etter ein kortare periode ved lange sjukemeldingar, får du ei ny melding frå NAV. Då må du logge deg på igjen for å sende ein søknad om sjukepengar. (Det er det same som ein gjorde før når ein kryssa av og skreiv under på del D).

Det er spørsmål om du har vore på ferie, arbeidd meir enn sjukmeldingsgraden osv. Denne må du sende for at du skal motta løn frå arbeidsgjevar når du er sjukemeldt. Om du har svara feil på nokre av spørsmåla kan du logge deg inn på nytt og sende ein oppdatera søknad om sjukepengar.

Hugs at du framleis skal kontakte din næraste leiar og melde fråværet. Dette gjer du personleg, ev. pr. telefon så snart som råd.

Din næraste leiar og du skal saman utarbeide ein oppfylgingsplan. Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast innan 4 veker. Planen finn du ved å logge deg på NAV.no. Her legg du som tilsett og din leiar inn informasjon om kva for oppgåver du kan utføre og kva for tiltak som skal vurderast.

Note

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk