Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Låste bommar på grunn av skogbrannfare

Med bakgrunn i den store skogbrannfaren i heile Sør- og Austlandet oppmodar AT Skog alle skogeigarar om å halde bommar inn til skogsbilvegane låst der det er mogleg. Dette for å minske aktiviteten, som kan auke risikoen for skogbrann.

I Fyresdal er bommen på vegen til Røyningdalen og Roan nå låst på ubestemt tid på grunn av skogbrannfare. Bommen er ved Solheim. Veglengda frå bom til parkeringsplass er på ca. 2,7 km (for dei som t.d. ynskjer å gå til Roan).

Vi oppmodar veglag og grunneigarar om å gje oss beskjed dersom det er andre bommar som er stengte.

Vegbom

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk