Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Øyskogen og Fyresdal Bygdemuseum ope kvar helg

Visste du at det største feltet med historiske gravhaugar i Telemark ligg midt i Fyresdal? Eller at Bjørnstadstoga som i dag står i bygdemuseet, blei bruka til å halde ting i på 1700-talet? 

I helgane fram mot 12. august vil museet i Øyskogen ha ein guide på plass som kan fortelje om dette og om mykje meir. Han har også brettspel frå vikingtida å by på, og om du vil ta ein titt inn i ei skulestoge frå tidleg 1900-tal så finst denne på utstilling i museumsbygget. 

Guiden vil vere til stades kvar laurdag og sundag kl. 11-17. 

I tillegg kan du få med deg bygdekvinnelagets dokkeuststilling på bakeriet i Folkestadbyen – «byen» frå kring 1900 der kvart hus fortel ei historie. 

Velkomen til ei museumsoppleving i sentrum av Fyresdal!

Øyskogen

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk