Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Pårørandeskule i Fyresdal

Fyresdal pleie- og omsorgssenter inviterer pårørande til personar med demens og andre som har relasjonar til personar med kognitiv svikt og demens i Fyresdal, Tokke, Nissedal og Kviteseid til interkommunal pårørandeskule på pleie- og omsorgssenteret.

Det er ingen deltakaravgift, men påmelding innan 3. september 2018 til Fyresdal pleie- og omsorgssenter på tlf. 35 06 71 67 eller til gruppeleiar avd. Nordstøg Gry S. Åmlid på tlf. 35 06 71 55 eller e-post gry.bergland@fyresdal.kommune.no

NB! Ingen eksamen! Samlingane vil bestå av førelesingar og tid til spørsmål og samtaler. 

Pårørandeskulen går over 4 onsdagar kl. 18.00-21.00:

5. september: 

Ulike demensdiagnoser, medisinering og behandling. Ved overlege Ulrike Sagen ved alderspsykiatrisk avdeling, Sykehuset Telemark. 

12. september: 

Kviteseid demensforeining v/ Monica Øygarden Halvorsen, pårørandehistorie, kommunale tilbod.

19. september: 

Korleis ta vare på seg sjølv i møte med alvorleg sjukdom som pårørande. Ved prostdiakon Eilev Erikstein.

26. september: 

Miljøbehandling, samtykkekompetanse og verjemål. V/spesialsjukepleiar Anne Tørre Asprusten, Kviteseid og Astrid Eidem Nordal, Nissedal.

Bevertning. Kake, kaffe/te.

Saman vil vi prøve å gjere samfunnet meir demensvenleg, både for personar med demens og deira pårørande. Vel møtt!

Omtanke

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk