Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Påskehelsing frå konstituert rådmann

Hei alle gode kollegaer og innbyggjarar - takk for varm og god velkomst!

Nå har det gått 2 veker sidan eg blei konstituert rådmann i Fyresdal kommune. Dette har vore 2 spennande og innhaldsrike veker. 

Sidan eg starta her i desember 2018 har eg blitt tatt godt imot av kollegaer, politikarar og innbyggjarar. Dette har betydd mykje. 

Eg skal nå prøve så godt eg kan å leie kommunen trygt fram, mot eit felles mål - gode tenester til innbyggjarane våre og godt samarbeid med kollegaer, politikarar, innbyggjarar, grunneigarar osv. Eg gler meg stort til å bli betre kjent med dykk og vidareutvikle den flotte kommunen vi har. 

Eg ynskjer dykk alle ei riktig fin påske.

Mvh
Une Marit Aarbakk Tangen
Konstituert rådmann
Fyresdal kommune

Førsdal

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk