Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Svøm deg til Albania

"Svøm langt" er Norges Svømmeforbunds årlege mosjonskampanje, som går føre seg kvart år i perioden 1. januar til 31. mars. 

Kampanjen skiftar namn kvart år avhengig av kva reisemål hovudpremien har. I 2019 er Albania destinasjon for hovudpremien. Så difor, "Svøm deg til Albania!"

Ynskjer å motivere

Gjennom kampanjen håpar Norges Svømmeforbund å motivere fleire til å vere fysisk aktive og bruke symjing som mosjonsaktivitet. Kampanjen er eit lavterskeltilbod og alle kan vere med uavhengig av alder og funksjonsnivå.

Registrering av svømte meter

Norges Svømmeforbund er i gang med å utvikle ein eigen app for registrering av svømte meter, men enn så lenge gjer vi registreringa via manuelle registreringskort som vi får i symjehallen. 

Kampanjens mål

Norges Svømmeforbund har satt nokre konkrete mål i Svøm langt-kampanjen:

– Alle deltakarar frå og med 14 år skal symje 10 000 meter frå 1. januar til 31. mars*
– Alle deltakarar til og med 13 år skal symje 2 500 meter frå 1. januar til 31. mars*
* For dei som har ei funksjonsnedsetting er måla 5 000 meter og 1 500 meter.

Flotte premiar

Alle som klarer målet og har registrert svømte meter er med i trekkinga av flotte premiar frå Apollo, Thon Hotels og Klubben AS.

Lykke til!

Les gjerne meir om kampanjen på svømlangt.no

Symjing

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk