Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Totalforbod mot open eld oppheva

Totalforbodet mot bruk av open eld er oppheva, men fylgjande reglar gjeld framleis:

Aktsomhetsparagrafen i Brannloven; § 5 - "Den enkeltes plikt til å forebygge og begrense skadevirkningene ved brann, eksplosjon og annen ulykke."

"Enhver plikter å vise alminnelig aktsomhet og opptre på en slik måte at brann, eksplosjon og annen ulykke forebygges."

Frå 15. april til 15. september er det forbod mot bålbrenning i skog og mark

Båltenning er ein del av allemannsretten i Noreg. Det betyr likevel ikkje at det alltid er lov å brenne bål, eller at bål kan tennast under alle forhold. Det kan difor vere lurt å setje seg inn i reglane om bålbrenning, og lære seg korleis ein kan brenne bål på ein trygg måte. 

Delar av året er det forbode å brenne bål. Forbodet står i Forskrift om brannforebygging av 17. desember 2015 nr. 1710, som blei satt i kraft 1. januar 2016. Forskrifta opnar opp for at vi kan nyte bålets gleder også når det er bart på bakken; § 3 seier "Det er likevel tillatt å gjøre opp ild der det åpenbart ikke kan medføre brann". Unntaket gjeld til dømes etablerte bålplassar og andre stader som er heilt trygge. Er du i tvil er det betre å stå over bålbrenninga.

Ved brann eller farlege situasjonar, ta kontakt med brannvesenet på nødnummer 110.

Sjå her for YR sin varselteneste om skogbrannfare

Varsellampe

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk