Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Vedtak om fiberutbygging i Fyresdal

Kommunestyret gjorde fylgjande vedtak torsdag 13.09.2018:

"Fyresdal kommune prioriterer områda Rindebakken-Einangmoen, Einangmoen-Tøddebakkane og Kilegrend i første delen av fiberutbygging med hjelp av NKOM-midlar.
Strekninga Snarteland-Aamlid vert prioritera etter dette.

Rådmannen hentar så snart som råd inn anbod på alle utbyggingsområda i kommunen. Ved innhenting av anbod tek ein atterhald om finansiering og prioriteringar kommunen gjer undervegs for sine områdeprioriteringar.

Finansiering innarbeidast i økonomiplanen for 2019-2022, men Formannskapet får om nødvendig fullmakt til å finansiere opp dei tre prioriterte utbyggingsområda om det kan løyse ut ytterlegare NKOM-midlar for 2018. 

Formannskapet får og fullmakt til seinare å gjere prioriteringar for attverande utbyggingsområde."

Her kan du lese meir om saka

Fiber

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk