Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

100 % fast stilling som logoped

Words
Fyresdal kommune og Kviteseid kommune lyser ut inntil 100 % fast stilling som logoped.

Stillinga er fordela med inntil 50 % i kvar kommune, fortrinnsvis knytt til barnehage og skule, og er ledig frå 01.08.2019.

Kvalifikasjonar:

• Master i logopedi og/eller spesialpedagogikk.
• Relevant test- og utredningskompetanse.
• Samarbeidsevne, fleksibilitet og omstillingsevne.
• Kunne arbeide sjølvstendig og strukturert.
• Har gode IKT-ferdigheiter.
• Har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
• Har erfaring med språk og evne til å bygge gode språkmiljø.

Spørsmål?

For spørsmål, ta kontakt med barnehagestyrar i Fyresdal barnehage Liv Johre Bakke på tlf. 35 06 71 80 / 977 60 221 eller kommunalsjef i Kviteseid kommune Ingunn Haugland på tlf. 924 24 086.

Vi kan hjelpe til med å finne stad å bu.
Arbeidet inneber køyring til skular og barnehagar i begge kommunane, så den som blir tilsett må ha førarkort og disponere eigen bil.

Tilsetjingsvilkår:

For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk. Den som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringslova § 10-9.

Søknadsfrist:

Søknadsfristen er 25.05.2019.

Velkomen som søkjar!

Elektronisk søknadsskjema

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk