Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Feiing og tilsyn

Fyresdal er med i den interkommunale brannordninga for Vest-Telemark. Den interkommunale brannordninga har felles brannsjef og har ansvar for det førebyggande arbeidet i Vest-Telemarkkommunane.

Beredskapsavdelinga består som før. Avdelinga består av 16 personar med personsøkar som rykker ut ved alarm. Vi har òg samarbeidsavtaler over kommunegrensene for å hjelpe kvarandre ved større hendingar.

Feiing

§ 4-1 Bustader

Feiinga skal utførast minst kvart tredje år, og tilsyn minst kvart sjette år. Feiing og tilsyn av bustader kan utførast på same dag.

§ 4-2 Fritidsbustader

Det vert lagt opp til at denne tenesta i fyrste omgang skal gjelde for fritidsbustader som ligg nær bilveg. Feiinga skal utførast minst kvart tredje år, og tilsyn minst kvart sjette år. Framtidig frekvens vil bli bestemt etter at fyrste feie- og tilsynsrunde er gjennomført. Feiing og tilsyn av fritidsbustader kan utførast på same dag.

Bålbrenning

Vi minner om at det er generelt forbud mot bruk av open eld i eller i nærleiken av utmark mellom 15. april og 15. september. For å søkje om lov til å brenne bål, kontakt Fyresdal brannvesen, tlf. 957 91 510.

Salg av fyrverkeri

For å søkje om lov til å selje pyrotekninsk vare (fyrverk), kontakt Vest-Telemark brannvesen.

Kontakt 

Leiar beredskapsavdelinga i Fyresdal

John Kjell Lien 
Mob. 905 27 762

Vest-Telemark brannvesen

Kontoret ligg i Høydalsmo, i same bygg som Vest-Telemark Kraftlag. Brannsjefen har den overordna leiinga av brannvesenet i alle dei 6 kommunane i Vest-Telemark. Beredskapen ligg i kvar kommune og brannmannskapa er deltidstilsette og har arbeidsavtale med den enkelte kommunen.

Tlf. 35 07 57 11 / 970 16 957

Brannsjef

Tore Metveit 
Tlf. 970 16 957

Brann 110

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk