Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Bustadtomter

Fyresdal kommune har som overordna mål å leggje til rette for at Fyresdal skal vere ein god plass å bu og virke. Ei viktig satsing for Fyresdal er difor å leggje til rette attraktive bustadtomter, både i sentrumsnære område og i grendene. 

Tøddebakkane bustadfelt

Tøddebakkane ligg i sentrum av Fyresdal, tett inntil Folkestadbyen som er handelssenter, og nær skule, barnehage, legesenter, kulturhus, kommunehus osv. Tøddebakkane ligg med utsikt over sentrum og Fyresvatnet. Prisen på dei byggjeklare tomtene er kr. 40 000,-. Her kan du sjå kva tomter som er ledige i Tøddebakkane per januar 2019 (markert med raudt).

Moghusfeltet

Ca. 1,5 km sørover frå sentrum har Fyresdal kommune opparbeidt ei nytt bustadområde med 12 tomter. Det er klargjort med vatn, avlaup og straum inn i tomtene. Det er ny, fin veg med gateljos gjennom bustadfeltet, med avkøyring frå Gamleveg.
Dette er flotte tomter med fin utsikt over Fyresvatn, og nærleik til sentrum med butikkar, skule, barnehage med meir. 
Tomtepris kr. 80 000,-. 

Hauggrend

Kommunen har nokre få ledige tomter i det kommunale bustadfeltet i Hauggrend, lengst nord i kommunen. Prisen på dei byggjeklare tomtene er kr. 40 000,-. Innanfor kommunedelplan for Hauggrend ligg det i tillegg føre ledig byggjeareal for bustader ned mot Skredvatn. Bygging her føreset løyve frå grunneigar og avklaring i høve til tomteinndeling/detaljplan. 

Haasum - småbrukstomter

17 store tomter til sals for bygging av småbruk. Tomteareal på 80-95 da. Pris kr. 250 000,- per tomt. For spørsmål og synfaring av tomter, ring Fyresdal kommune på tlf. 35 06 71 00.

Bygging i grendene

Fyresdal er positive til bustadbygging utanfor dei regulerte områda og i grendene, så lenge plasseringa ikkje kjem i direkte konflikt med viktige sektorinteresser som skal ivaretakast. Det må søkjast om dispensasjon frå overordna plan for slike enkelttomter, og handsaminga kan ta frå 1 til 4 månader. Ta kontakt med kommunen for å få råd om korleis ein går fram med søknad.

Kontakt

For informasjon om tomter/byggjing i Fyresdal, kontakt John Kjell Lien.
For informasjon om kommunale utleigebustader, kontakt Marit Nygård Dale.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk