Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Jordmor

Sist endret: 22.01.2018Kontaktavdeling: Helse
Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark

Frå 01.07.2015 gjekk Fyresdal kommune inn i Jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark. Dette er eit samhandlingsprosjekt med Sjukehuset Telemark og dette gjev døgnkontinuerleg jordmorteneste; vakttelefon 35 02 16 24.

Skulle du av ein eller annan grunn ikkje få kontakt, kan du ringe sentralbordet ved Sjukehuset Telemark på 35 00 35 00 eller direkte til fødeavdelinga på 35 00 47 64.


Kommunejordmor i permisjon

Vår kommunejordmor går ut i fødselspermisjon 01.02.2018. Gravide i Fyresdal kommune må frå denne dato og inntil vidare ta kontakt med jordmorvakta i Seljord på tlf. 35 02 16 24 for timeavtale.

Sjølve svangerskapskontrollane inneheld undersøkingar som:

- Blodtrykk
- Ymse blodprøver
- Lytte til barnet sin fosterlyd
- Måle korleis barnet veks i magen
- Urinprøver
- Måling av vekt


Ultralyd m.m.

Jordmor henviser til ultralyd, gynekolog og fødepoliklinikk om det er behov for dette. Du får god informasjon om dei aktuelle fødestadane i Skien. Det er høve til å få tid for omvising båe plassar ved 36 svangerskapsveke. Du har og fritt sjukehusval ved fødsel, du kan føde der du ynskjer, men fylgjetenesta til fødeavdelinga er kun til Skien og Arendal. Når fødselen er i gang kontaktar du jordmor som då ordnar med alt vidare. Jordmorvakta bestiller ambulanse også for dei som vel å føde i Arendal.

Tilbodet er gratis.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk