Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Psykisk helse - lokalt tilbod

Tenesta er ein del av helsetilbodet i kommunen, og skal gje hjelp og rettleiing til dei som på grunn av psykiske vanskar ikkje meistrar kvardagslivet sitt. Dette er eit lavterskeltilbod. Du kan ta direkte kontakt med koordinator, eller ta kontakt via fastlegen din. Kommunelegen er fagleg ansvarleg.

Kva kan du gjere for å få kontakt med kommunens psykisk helse-teneste?

- Ring helsehuset på tlf. 35 06 73 00, så formidlar dei kontakt.
- Be lege eller spesialisthelsetenesta (sjukehus/psykolog) om å formidle kontalt for deg.
- Ring direkte til psykiatrikoordinator Gudny Lauvrak på tlf. 35 06 73 08 / 975 61 574.

Kva skjer vidare?

- Etter oppmodinga blir det gjort ei vurdering, vanlegvis ei samtale, deretter vert ein einige om eventuelle tiltak.

Tenesta omfattar mellom anna

- Støttesamtaler, rettleiing og oppfølging i forhold til eigen livssituasjon.
- Koordinering i forhold til dei andre i hjelpeapparatet.
- Rettleiing og tilrettelegging rundt busituasjonen.
- Støtte og hjelp i forhold til arbeid og daglege aktivitetar.

Kafeen på Meinstad er ope måndagar kl. 10.00-14.00. Her fokuserar me på trivsel, livskvalitet, samvær og meistring. Me går tur kl. 10.00-11.00.

Tenesta er gratis.

Kontakt

Psykiatrikoordinator/spesialsjukepleiar i psykisk helse og ruslidelsar Gudny Lauvrak, tlf. 975 61 574.
Psykiatrisk hjelpepleiar/spesialhjelpepleiar i psykisk helse og fysisk aktivitet Randi Momrak, tlf. 35 06 73 08.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk