Bygdedagen 5. juni 2010
Vil du vere utstillar på bygdedagen 2010? Bygdedagskomiteèn i Fyresdal ynskjer tidlegare og nye utstillarar hjarteleg velkomne til bygdedagen som er laurdag 5. juni 2010, kl. 10.00 – 16.00.
Interesserte kan ta kontakt med leiar i bygdedagskomiteèn, Aud Lukassen på tlf: 41682431
Tidlegare utstillarar får tilsendt brev om dei ynskjer utstillingsplass.
- kun førehandsbetalte plasser vert reserverte!
Elles vert det underhaldning av ulik slag, utstillingar, loppemarked og sal av diverse handverk og mat.
VETERANKØYRETØY
Vil med dette invitere eigarar av veterankøyretøy til bygdedagen. Dei som eig veterankøyretøy som gråtassar, syklar og bilar er hjarteleg velkomne. Alle veterankøyretøy møter ved flyplassen kl. 10.45 for å køyre samla til sentrum.
Dei som melder seg på med veterankøyretøy vil få ei overrasking av bygdedagskomiteèn.
Dersom det er interesse, ta kontakt med Torgeir Lie, tlf: 97717115.
Vi kjem attende med informasjon i mai.
Vi håpar at det er mange som tek seg ein tur bort i Øyskogen denne dagen.
Helsing
Bygdedagskomiteèn
Sist oppdatert 26.03.2010