Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Skeidet

Sist endret: 28.06.2016Kontaktavdeling: Kultur

Skeidet

Kulturkonsulenten fekk i april 2015 i oppdrag frå kommunestyret å jobbe vidare med eit nytt kulturelt arrangement «Skeidet». Skeidet skal erstatte Olsokdagane, som fram til no har vore Fyresdal kommune sitt kulturelle hovudsatsingsområde.

Eit moderne Skeid vil kunne profilere Fyresdal med noko heilt unikt, med lang historie. Ikkje bare eit historisk stemne, men og tilpassa vår tid.

Det vart sett ned ei arbeidsgruppe som skulle jobba med det nye arrangementet, som då vart arrangert helga 18.-21. august 2016.

Skeidet 2017 gjekk av stabelen 18.-21. august.

Skeidet 2018

I samband med budsjettet i fjor blei det bestemt at kulturkonsulenten ikkje lenger skulle bidra med arbeidskraft i Skeidet.

Skeidet 2018 vil bli gjennomført av private aktørar. De finn meir informasjon på Skeidet si Facebook-side. Ved spørsmål, ta kontakt med Tilman Hartenstein på tlf. 911 36 604.

Historisk bakgrunn

«Skeidsteinen» på Molandsmoen knyter Fyresdal til det historiske fenomenet «skeid». Det har vore fleire skeid i Noreg, men berre i Fyresdal står ein skeidstein att på sin opphavlege plass. Ja det er faktisk to skeidsteiner der – av opphaveleg fire. Dei står på kvar si side av RV 355 på veg inn til Fyresdal sentrum. Men berre den eine steinen har ei innskrift i runer.

«Skeið» er gamalnorsk (frå germansk «skaiðan» – «skille/grense») og tyder «(bane til) kappriding/kapplaup». Ordet finst i fleire gardsnamn rundt om i landet. Skeidgardane ligg sentralt til, gjerne på store flate sletter. «Slette» er «mo» på gamalnorsk, difor kunne ei skeidslette også bli kalla «moen» eller «molandet». «Molandsmoen» i Fyresdal er altså eit dobbelt tydeleg stadsnamn for ei skeidslette. Skeidsteinane stod i kvart sitt hjørne av sjølve skeidplassen på sletta.

Arkeolog Kjetil Loftsgarden kallar skeidet «eit stemne med handel og sosialt samkvem, med eit særskild fokus på tevlingar som kappriding og hestekampar». Hesten var ikkje berre ein viktig reiskap til arbeid og transport, men og eit sterkt symbol på kraft og ære. Eigaren av «skeidfolen» – hingsten som vann hestekampen – hadde høg status i dei gamle bondesamfunn. Det blei avla hestar spesielt til kampen på skeidet – såkalla «ivigongshestar».

Dei fleste historiske kjelder som fortel om skeid, er frå Setesdal – som Fyresdal hadde mykje samband med i gamal tid, faktisk meir enn med resten av Vest-Telemark. Men den eldste skildringa me har – biskop Nils Glostrup sin visitasrapport frå 1618 – er frå Molandsmoen. Biskopen skriv: «En liden fierdingsweys fraa Fyrrisdaall kommer aff omliggende Sogner S. Bartholomæi daag [= Barsok, 24. august] en hell hob bønder med deris heste, och der maa hestene bidis paar och paar, ligesom forordned bliffuer, med mening att huillked Aar hestene bidis well schall bliffue itt gaatt Aar».

170 år seinare, i 1786, skriv presten H. J. Wille: «Paa Molandsmoen, en kort Fjerding fra Præstegaarden, er en slet Plan, hvor der har staaet fire spidse Stene opreiste, der har udgjort en Firkant til Kampplads for Kjæmperne i gamle Dage. Nu omstunder holdes derimod et lidet Marked med Heste den 24de August, da man rider for at probere sine Heste og endelig løslader dem for at figtes om en Hoppe, som en Mand holder midt paa Pladsen og med en lang Stang forsvarer, indtil en har vundet Magt over dem alle».

Runene på den eine skeisteinen i Fyresdal tyder «Torolv ristet. Den skal råde disse runer, Torolv Storolvsson» (siste tyding, 1963). Dei er frå 1100- eller 1200-talet og viser nok til ein stormann som hadde ei rolle under skeidet den gongen. Tradisjonen går altså attende til sagatida, og skeid blei arrangert gjennom minst 700 år, til eit godt stykke inn på 1800-talet. Hestekampar har vore arrangert på Island så lengje som utpå 1930-talet.

Ved sida av tevlingane var det handel, auksjonar og uformelle møte der ein kunne utveksle erfaringar. T.d. kan utviklinga av den omfattande jarnproduksjonen i området ha skjedd gjennom skeidet, kanskje så tidleg som på 700-talet. Det er heller ikkje umogleg at skeidet blei bruka til å halde ting. Skeidet i Fyresdal var nok av dei største også for setesdølane, som kom ridande over heia for å delta. Området nordvest for Molandsmoen heiter framleis «Diltardalen» - her skulle hestane «dilte» (skritte) for å ha krefter nok til å kunne galoppere inn på skeidplassen.

Det er svært få konkrete spor att etter skeida i Noreg i dag. Skeisteinen i Fyresdal er unik i nasjonal samanheng, og gjev kommunen ein spesiell plass i jarnalderhistoria. 

Kjelder: Vest-Telemark Museum. Frans-Arne H. Stylegar: Hesteritualer i yngre jernalder, i: Arkeologi i nord (blogg, 2015). Kjetil Loftsgarden: Skeid – stemne og marknad i mellomalderen, VTB 12/11-2015. Riksantikvaren: Skeisteinen i Fyresdal – en mulighetsstudie 2/2-2015.

Skeidet

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk