Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lokal kunst

Sist endret: 05.11.2015Kontaktavdeling: Kultur

Fyresdal kommune har gjennom nokre år sett av midlar til innkjøp av lokal kunst. Dette for å byggje opp ei samling med kunst som er laga av lokale kunstnarar og handverkarar.

Retningslinjer for kjøp av kunst:

Kunst laga av lokale kunstnarar og handverkarar.
Kunsten skal vandre rundt i dei ulike avdelingane.
Kulturavdelinga organiserar innkjøpet og vandringa. 

Kunst eigd av Fyresdal kommune:

Kunstverk som tidlegare er kjøpt inn, er òg ein del av kunstsamlinga, eigd av Fyresdal kommune.
Kulturavdelinga vil registrere det som fins i dei ulike avdelingane. Kunstverka vert registrerte med plassering, namn, kunstnar og bilete. Denne oversikten vert liggjande på heimesida.
Kunstverka skal merkast med følgjande etikett: Dette kunstverket er ein del av den mobile kunstsamlinga til Fyresdal kommune.
Kunst i Fyresdal kommune skal kunne vandre mellom avdelingar og kontor.
Kunst som er testamentert/gjeve til einskilde avdelingar vert verande på desse avdelingane.

fyresdal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke fyresdal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk